Hopp til innhold

Ny rapport: Noreg bør utdanna 70 prosent fleire legar

Talet på studieplassar i medisin i Noreg bør aukast til over 1000, konkluderer ekspertutval. – Ikkje realistisk, svarar statsråden som bestilte utgreiinga.

Barn som blir sjekket med stetoskop av lege på sykehus.

BØR UTDANNA LEGANE SJØLVE: – Noreg bør ta seg råd til å utdanna legane sjølve, seier utvalsleiar og NTNU-professor Hilde Grimstad. Onsdag overleverer ho rapporten om studieplassar i medisin til statsråden for høgare utdanning. (Illustrasjonsfoto).

Foto: Gorm Kallestad / Gorm Kallestad

I juni 2018 sette Kunnskapsdepartementet ned ei arbeidsgruppe som mellom anna skulle sjå på moglegheita for å auke talet på medisinstudentar i Noreg.

Bakgrunnen er at nær halvparten av norske medisinstudentar tek utdanninga i utlandet. Om fleire kan gjera det i Noreg, vil studentane få viktig erfaring frå norsk spesialist- og kommunehelseteneste, meiner regjeringa.

No er rapporten klar. Den tilrår å auka talet på årlege studieplassar i medisin i Noreg frå 636 til 1076 innan 2027.

Det inneber ei auke på nær 70 prosent.

– Hovudkonklusjonen er at vi bør utdanna fleire av legane våre sjølv, seier utvalsleiar Hilde Grimstad, professor i allmennmedisin ved NTNU.

Hilde Grimstad, NTNU

VIL HANDLA RASKT: – Vi tilrår å koma i gang så raskt som mogleg, seier utvalsleiar Hilde Grimstad.

Foto: Thor Nielsen / NTNU

– Bør utdanna fleire sjølve

Noreg utdannar i dag vel 50 prosent av legane sjølve, og andelen er fallande.

– Sjølv om norske legestudentar får god nok medisinutdanning i utlandet, studerer to av tre utanlandsstudentar i Polen, Ungarn og Slovakia. Dette er land som legg ei anna vekt på primærhelsetenesta, pasient- og brukarmedverknad og måten ein kommuniserer med pasientane på, seier Grimstad.

Utvalet meiner vårt kortsiktige mål bør vera å utdanna 80 prosent av legane sjølve.

– Det bør Noreg ta seg råd til, for den norske helsetenesta og for pasientane. Vi utmerker oss med å utdanna ein så liten del av legane våre sjølv, seier Grimstad.

Vil kutta støtte

Utvalet vil ikkje hindra at nordmenn tek legeutdanning i utlandet, men tilrår at det skjer på utvalde institusjonar som gir norske legar god bakgrunn til å praktisera i Noreg.

Dei konkluderer også med at støtta frå Lånekassen til medisinutdanning ved institusjonar i utlandet som ikkje er tilrådde, bør reduserast.

– Vi ønskjer ikkje at det skal skje brått. Men medisinutdanninga er lang og dyr og vi vil ikkje at studentar skal ta opp store lån om det ikkje er bruk for dei etterpå, seier utvalsleiaren.

Årets opptak til høyere utdanning

STATSRÅD FOR HØYERE UTDANNING: Iselin Nybø (V).

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Vil koste 1,2 milliardar kroner

Statsråd for høgare utdanning, Iselin Nybø (V), får formelt overlevert rapporten onsdag, men er allereie kjend med hovudkonklusjonane. Nybø seier rapporten inneheld «mange spennande forslag», men at nokre av tilrådingane er både omfattande og kostbare.

– Til dømes vil det å opprette 440 nye studieplassar kosta kring 1,2 milliardar kroner. Eg meiner det ikkje er realistisk å oppnå innan 2027, seier statsråden.

Rapporten skal no ut på høyring.

Utvalsleiar Grimstad seier dei norske studiestadene som i dag tilbyr medisinutdanning, i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø, alle har sagt seg villige til å auke talet på studieplassar.

– Vi tilrår å koma i gang så raskt som mogleg. To av studiestadene kan bemanna opp allereie i 2021, seier Grimstad.