Hopp til innhold

90 minutt kortare reise mellom Oslo og Bergen vil koste 29 milliardar

ODDA (NRK): Smale og rasutsette vegar vil bli erstatta, og to fjordar skal kryssast ferjefritt. Men rekninga blir stor, syner ferske tal.

Tokagjelet

NY VEG: Dagens veg frå Bergen til Odda går igjennom Tokagjelet (bildet) på fylkesveg 7. Vegen er rasutsett, smal og tek lang tid å køyre. Biletet er frå 2013.

Foto: Halvor Folgerø/NRK

I dag tek det 2 timar og 20 minutt å køyre mellom Bergen og Odda, viss du treff på ferja. Ferjefritt tek det tre timar.

Det er for mykje, meiner lobbyselskapet Hordalandsdiagonalen AS, eigd av Odda kommune.

– Visjonen er å redusere reisetida til 50 minutt, seier Roald Aga Haug, ordførar i Odda (Ap) og styreleiar i aksjeselskapet.

– Dyrt, men verdt det

Om det går som ordføraren og andre tilhengjarar vil, kan den såkalla Hordalandsdiagonalen skape ein ny, betre stamveg mellom Bergen og Oslo. Samstundes vil vegen knytte Hardanger tettare til byen.

Men då trengst det pengar.

Ein fersk rapport frå ingeniørfirmaet Asplan Viak, bestilt av lobbyselskapet, syner at Hordalandsdiagonalen vil koste heile 29,1 milliardar kroner.

Trass beløpet, og at Hordaland allereie har Hordfast og utbetringa av rasutsette E16 under planlegging, meiner Haug prosjektet bør la seg realisere.

– Det er det einaste aust-vest-prosjektet der du får avkasting på pengane. Det er stor verdiskaping på dei plassane du bind saman, og det er ekstremt dårleg vegstandard, seier han.

Vegvesenet rekna ut i 2015 at nettonytta av «armen» var på 26 milliardar kroner.

Saman med E134 via Rauland, som regjeringa ønskjer, vil reisetida mellom Bergen og Drammen bli kutta frå åtte til fem timar, ifølge rapporten.

Hordalandsdiagonalen

To bruer

Lobbyselskapet føreslår å bygge ut vegprosjektet i fleire delar. Ein komplett utbygging inneber ny bru over Hardangerfjorden som erstatning for ferjesambandet mellom Tørvikbygd og Jondal. Den vil koste 2,7 milliardar kroner, ifølge rapporten.

I tillegg ønskjer dei bru over Samnangerfjorden frå Fusa til Os. Grunna trafikkmengda treng ein her firefelts veg, ifølge Asplan Viak, som kostnadsreknar denne brua til 3 milliardar.

I tillegg foreslår rapporten 22 nye eller oppgraderte tunnelar.

Roald Aga Haug, ordførar i Odda kommune

– DÅRLEGAST VEG: – Alle fortener betre veg, men det kan ikkje vere nokon som fortener det meir enn oss, for vi har den dårlegaste vegen, seier Odda-ordførar Roald Aga Haug.

Foto: Tale Hauso / NRK

«Arm» til Bergen

I aust-vest-utgreiinga i 2015 tilrådde Vegvesenet E134 over Haukeli og fv. 52 over Hemsedal som hovudvegar mellom Aust- og Vestlandet.

Dei tilrådde òg å greie ut ein såkalla arm til Bergen frå E134. Men regjeringa bestilte ikkje konseptvalutgreiing av dette.

– Den burde vore bestilt for fire år sidan. Men når regjeringa ikkje har somla seg til å gjere det, kan det jo bli ein fin valkampsak for dei i år, meiner Haug.

Vegvesenet: – God rapport

Hordalandsdiagonalen er eitt av fleire ambisiøse vegprosjekt i området i tillegg til Hordfast. Næringslivet i Sunnhordland arbeider for ny veg frå E134 via Husnes i Kvinnherad til Stord.

Carl-Erik Nielsen i Statens vegvesen seier rapporten frå Asplan Viak er god.

– Rapporten er eit bestillingsverk som held ein høg fagleg kvalitet, der dei har brukt kjende analysemetodar og henta informasjon frå vår aust-vest-utgreiing. Vi i Vegvesenet held oss til kva departementet og regjeringa seier, og så langt har dei ikkje ønskja å bestille ein vidare utgreiing om diagonalen, påpeikar han.