Ny rapport: Fem fylke kjem til å bryte tryggleikskrav i tunnelar

Hordaland, Rogaland, Møre og Romsdal, Nordland og Troms klarar ikkje å ruste opp tunnelane sine innan fristen i 2025, ifølgje ei ny oversikt.

Tunnel i Tokagjelet

TUNNEL: Nødutgang og luftehol i tunnel på fylkesveg 7 i Kvam.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Innan 2025 skal tunnelane på fylkesvegane i Noreg rustast opp for å oppfylle nye krav til tryggleik.

Men fem av fylka ser ikkje ut til å ha nokon sjanse til å rekke det innan fristen, syner ein rapport frå Vista Analyse.

– Kvaliteten på tunnelane er ikkje god nok. Det manglar mykje pengar for å få til eit bra vedlikehaldsprogram. Og fylkeskommunane klarar det ikkje innanfor sine eigne budsjett, seier Karin Yrvin, fagsjef i interesseorganisasjonen Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV), som har bestilt rapporten.

Karin Yrvin

BER STATEN BETALE: Karin Yrvin i OFV meiner staten må betale meir for å ruste opp tunnelane.

Foto: Bård Gudim

Tunneltryggleik

Det er den såkalla tunnelsikringsforskrifta som set minimumskrav til mellom anna radiosamband, brannsløkkingsutstyr og rømmingsvegar i tunnelane.

Tunnelane skulle opphavleg bli rusta opp innan 2020, med høve til å forlenge fristen til 2025. Men sjølv med fem ekstra år ligg fleire fylkeskommunar dårleg an.

Statens vegvesen har rekna ut at det vil koste 1,1 milliardar kroner for å oppfylle minimumskrava berre i tunnelane i Hordaland.

– Slik det ser ut no, har ikkje vi nok pengar til å få det til, seier direktør for samferdsle i Hordaland fylkeskommune, Håkon Rasmussen.

Kva står att for å innfri krava i tunnelsikringsforskrifta (fylkesveg). Tal i millionar kroner.

Fylke

Beregnet behov, 2012

Rammetilskudd, 2015-2019

Revidert behov, inkludert faglige anbefalinger

Budsjettert for i perioden 2019-2011

Sum

2.300

1.443

10.850

971

Nordland

195

277

2.000

60

Troms

125

136

3.000

500

Sogn og Fjordane

500

342

1.550

218

Hordaland

400

207

2.500

60

Møre og Romsdal

350

243

1.000

0

Rogaland

70

75

450

16

Trøndelag

345

80

225

71

Andre fylker

120

73

Fleire utgifter

Og den reelle prisen kan bli meir enn dobbelt så høg. Statens vegvesen har nemleg også anbefalt at det skal gjerast fleire oppgraderingar, i tillegg til minimumskrava, når ein først set i gang med eit slikt arbeid.

For Hordaland vil oppgraderingane på 1,4 milliardar kroner, syner utrekningar. Det vil sei at fylket treng totalt 2,5 milliardar kroner for å rusta opp tunnelane innan 2025.

Staten har løyvd 207 millionar kroner i rammetilskot til opprusting. Samstundes har ikkje fylkeskommunen sett av meir enn 60 millionar kroner til arbeidet i sitt eige budsjett for 2019.

Og verken staten eller fylkeskommunen har planar om å legge meir pengar på bordet.

Vegane utanfor tunnelane held nemleg heller ikkje god nok standard, og fylkeskommunen vil heller bruke pengar på å ruste opp vegnettet.

– Det er rett og slett fordi vedlikehaldsetterslepet på vegane utanfor tunnelane er vel så stort, seier Rasmussen.

Håkon Rasmussen, fylkesdirektør for samferdsel, Hordaland fylkeskommune

HAR IKKJE NOK: – Slik det ser ut no, har ikkje vi nok pengar til å få det til, seier direktør for samferdsel i Hordaland fylkeskommune, Håkon Rasmussen.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

– Fylkeskommunane sitt ansvar

– Det er fylkeskommunane som er ansvarlege for å følgje opp nasjonale krav til standard på fylkesvegnettet, skriv statssekretær i Samferdselsdepartementet, Tommy Skjervold (Frp), i ein e-post til NRK.

Han seier staten likevel har valt å fordele rundt 300 millionar kronar årleg i rammetilskot til fylkeskommunane dei siste åra, som ein kompensasjon for meirutgifter dei får som følgje av dei nye tryggleikskrava.

Statssekretæren legg til at fylkeskommunane også har fått meir pengar til å ruste opp fylkesvegane, og at nokre av desse pengane er meint til å bruka på tunnelane.

Men Yrvin i OFV er klar på at staten må betale meir, og ber om eit statleg program som kan hjelpe fylka til å oppfylle krava.

– Det handlar om trafikktryggleik og om at både næringstransport og folk som skal på jobb og skule, skal kome seg fram.