Hopp til innhold

NY PERSON ARRESTERT:

Politiet har arrestert ytterlegare ein person etter ranet i Aurdalslia onsdag morgon. Ei 93 år gamal kvinne vart rana og vart funne av heimesjukepleien med eit kutt i hovudet. Ein mann vart arrestert i går, no trur politiet det var to som var med på ranet. – Mannen sit i avhøyr med oss no. Saka har høg prioritet, seier stasjonssjef Morten Ørn ved Bergen Sør politistasjon.