Hopp til innhold

18 pågripne i ny narkoaksjon

Tysdag morgon pågreip politiet 18 personar mellom 14 og 25 år i ein ny storaksjon i Nordhordland.

Vatne

- RIKELIG MED NARKO: Til saman er nærare 50 personar pågripne i narkoaksjonar i Nordhordland dei siste månadene. Her lensmann Einar Vatne.

Foto: Morten Sæle

Det blei gjort beslag i dopingmidlar, narkotika og tablettar, skriv Nordhordland. Ifølge lensmann Einar Vatne tilstod alle dei pågripne. Åtte fekk forelegg på mellom 4- og 10 000 kroner.

– Alle har tilstått, seier Vatne til avisa.

Dagens aksjon følgjer opp storaksjonen i slutten av februar då politiet slo til mot 30 personar i samme område. Då hadde politiet i lengre tid etterforska det unge narkotikamiljøet.

LES OGSÅ:

Fire pågripne under 18 år

Dei pågripne tysdag er både godt kjende av politiet, og personar som aldri har vore i kontakt med lovens lange arm.

– Foreldra er kobla inn i saka for dei fire yngste som alle er under 18 år, den yngste berre 14, fortel lensmannen, som lovar fleire aksjonar mot miljøet.

– Det er rikelig med narkotika i Nordhordland, også ulovlege dopingmidlar, seier han. Lensmannsdistriktet famnar kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Meland, Modalen og Radøy.

Usynlege aksjonar

Politiet i Nordhordland har vald ein annan aksjonsform mot narkotikamiljøet enn kollegaene i Bergen. I Bergen aksjonerte politiet svært synleg i februar ved å hente inn mistenkte i skuletida.

I Nordhordland har aksjonane foregått heime hos ungdommane.