Hopp til innhold

Ny Monika-etterforsking kan bli ferdig i september

Hordaland-politiet skal under lupa nok ein gong. No er det Spesialeininga som etterforskar behandlinga av Monika-varslar Robin Schaefer.

Robin Schaefer

VARSLAR: Robin Schaefer varsla på eiga hand om mangelfull etterforsking av dødsfallet til Monika Sviglinskaja (8). No kan Hordaland-politiet risikere straff for handtering av saka.

Foto: Helge Skodvin / Vigmostad og Bjørke forlag

Spesialeininga for politisaker skal no i gang med nok ei etterforsking av Hordaland-politiet i kjølvatnet av Monika-saka.

Denne gong skal dei finne ut om Hordaland politidistrikt braut lova i si handtering av varslarsaka til Robin Schaefer. Svaret vil kome i løpet av dei neste månadane.

– Totalt sett blir det eit ganske omfattande saksmateriale å gå gjennom, seier Halvor Hjelm-Hansen i Spesialeininga for politisaker, som leiar etterforskinga.

Byrjar om få veker

Det var i byrjinga av juli at Spesialeininga for politisaker valde å starta etterforsking av varslingssaka til politietterforskar Robin Schaefer. Avgjerda kom etter advokatfirmaet Wiersholm sin granskingsrapport, som låg føre med ein knusande konklusjon i slutten av juni.

I rapporten som var bestilt av justisdepartementet vert det konkludert med at Monika-varslar Robin Schaefer varsla forsvarleg og at leiinga i Hordaland politidistrikt braut arbeidsmiljølova. Konklusjonane har altså fått Spesialeininga til å opne etterforsking av politidistriktet sin behandling av Schaefer.

Halvor Hjelm-Hansen

LEIAR ETTERFORSKINGA: Halvor Hjelm-Hansen er leiar i etterforskingsavdelinga i Spesialeininga Midt-Norge og Nord-Norge.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

Hjelm-Hansen fortel at dei har planlagt etterforskinga ei stund, og at dei ikkje byrjar for fullt i august.

Han presiserer også at dei har hatt varslingssaka til Schaefer på bordet sidan desember.

Men for nokre månader sidan bestemte dei seg for å sette etterforskinga på vent, medan dei venta på at Wiersholm skulle bli ferdig med si gransking.

– No er vi i gang med ytterlegare undersøkingar. Etter kvart blir det avhøyr av involverte personar. Kor mange vi skal avhøyre er vanskeleg å sei no og det er også for tidleg å kommentere om nokon skal vere mistenkt i saka, seier Hjelm-Hansen.

Risikerer bot og fengsel

Spesialeininga har førebels sett av månadane august og september til å jobbe med etterforskinga for fullt. Deira oppgåve er å finne ut om nokon i Hordaland politidistrikt gjorde noko straffbart i behandlinga av varslaren Robin Schaefer.

Strafferamma i saka er bøter eller fengsel i inntil tre månadar.

– Vi har høg prioritet på etterforskinga, men det kan hende vi må ha meir tid enn september på å bli heilt ferdig. Vi ser på konklusjonane til Wiersholm og vurderer dei i samanheng med det vi innhentar av informasjon, forklarer Hjelm-Hansen.

Dødsfallet til åtte år gamle Monika Sviglinskaja er framleis under etterforsking hjå politiet. Ein 33 år gamal mann sit varetektsfengsla, sikta for drap.