NY LEIAR I UNGE VENSTRE:
Ingrid Handeland frå Kvinnherad blei i helga vald som leiar for Hordaland Unge Venstre, partiet sitt nest største fylkesparti. – Eg trur dei viktigaste sakene for Venstre den komande perioden vil vere samferdsel og omstilling til eit fornybart samfunn, seier ho i ei pressemelding.