Hopp til innhold

Ny kunsthøgskule for liten allereie før opning

Den nye Kunst- og designhøgskolen i Bergen kan som den nye høgskulen på Kronstad bli for liten til å romme alle studentane. – Bygget er dimensjonert ut frå det studenttalet me hadde då bygginga starta, seier rektor.

I gårdagens Brennpunkt fortalde NRK om korleis den nye høgskulen i Bergen var for liten allereie frå første spadetak. Heller ikkje den nye Kunst- og designhøgskolen, som skal stå klar i 2017 ser ut til å vere stor nok til å huse talet på elevar på skolen.

Gerd Tinglum

– UTFORDRANDE: Rektor ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen, Gerd Tinglum, kan ikkje garantere at dei har plass til alle studentane i det nye bygget.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

– Det er ei utfordring, absolutt ei utfordring, seier rektor ved Kunst- og designhøgskulen i Bergen, Gerd Tinglum.

Ho kan ikkje garantere at dei har plass til alle studentane når den nye skulen skal stå klar i 2017.

Skulen er dimensjonert for 300 studentar, men alt no er studenttalet oppe i 340.

Ho innrømmer at skulen sjølv ikkje tok høgde for auka i studentmassen dei siste åra.

– Me visste ikkje at bygget var for lite i 2012. Det at bygget er dimensjonert for 300 var med utgangspunkt i det studenttalet me hadde då bygginga starta.

LES OGSÅ: Ryddar plass til ny kunsthøgskule

– Såg for oss at den skulle bli stor nok

Høgskolen i Bergen

HØGSKULEN: Den nye Høgskulen på Kronstad i Bergen er for liten til å romme dei 1200 studentane. No ser det ut til at den nye kunst- og design høgskulen også blir for liten for studentmassen.

Foto: HLM arkitektur og Cubo

NRK Brennpunkt har gjennom fleire år granska resultata av kvalitetssikringsordninga som blei innført i år 2000. Hensikta med ordninga var å sikre at store statlege investeringar blir vellukka.

SJÅ OGSÅ: Meir om kvalitetssikring av store statlege prosjekt på NRK Brennpunkt

Allereie i ein statleg kvalitetssikringsrapport frå 2012 blei det stilt spørsmål ved om den nye Kunst- og designhøgskolen kom til å vere stor nok.

Likevel valde både skulen sjølv og kunnskapsdepartementet å gje grønt lys.

– Eg trur ikkje kunsthøgskulen i Bergen hadde vore tent med at me hadde stoppa prosjektet, seier Toril Johansson, som er ekspedisjonssjef for Universitets- og høyskoleavdelingen i Kunnskapsdepartementet.

Viss me skulle ha starta opp med å endra planane ville det ha betydd ei utsetjing av prosjektet.

Toril Johansson, Kunnskapsdepartementet

– Viss me skulle ha starta opp med å endra planforutsetningar ville det ha betydd ei utsetjing av prosjektet.

Kunnskapsdepartementet meinte bygget kom til å kunne huse meir enn 300 studentar.

– Med fleksibiliteten bygget hadde, såg me for oss at det ville bli stort nok, sjølv om studentmassen skulle overstige 300, seier Toril Johansson.

LES OGSÅ: 1200 studentar og tilsette får ikkje plass

Kan måtte dele opp den nye høgskulen

Det kan ende med at den nye Kunst- og designhøgskolen må delast opp i fleire lokalitetar. Men rektor Gerd Tinglum trur likevel det er mogleg å få plass til alle i nybygget.

– Måten det er bygd på er veldig fleksibel. Me ser no på moglegheiter for å få inn det studenttalet me har.

– Du har tru på at alle studentane kan få plass på den nye skulen?

– Ja, det er det me jobbar for.

Sjå reportasjen frå då Muck-bygget blei rive for å gjere plass til høgskulen.

I en falleferdig fabrikk i Bergen finnes hundrevis av skjulte gatekunstverk.

«MUNCK-BYGGET»: I sommar byrja arbeidet med å rive Munck-bygget i Bergen, for å gjere plass til å bygge Noregs mest moderne kunsthøgskule.