NRK Meny
Normal

Varslar ny kamp for reklamefritt Bergen

Det ferske fleirtalet i Hordaland fylkeskommune varslar nok ein omkamp om byreklamen i Bergen. – Useriøst, svarar den avtroppande fylkesordføraren.

Reklame på buss

Det er inngått ein avtale med giganten JCDecaux om reklame på og i bussar og bybanevogner i Bergen. Den vil det nye fleirtalet i fylkeskommune reversera.

Foto: sm

– Det er fullt mogleg å ha like eit godt kollektivtilbod i Bergen utan å måtte ha plakatar med nakne damer på bussen, seier Marthe Hammer frå SV.

Ho er påtroppande nestleiar i samferdsleutvalet, og møter NRK på ein av busshaldeplassane ved Haukeland sjukehus. Busskuret er inntil vidare reklamefritt, men i 2016 skal det i utgangspunktet vera slutt på det.

Etter år med debattar og protestar klarte eit fleirtal i bystyret i juni 2014 endeleg å vedta innføringa av reklame på Bybanen, bussar og haldeplassar i Bergen. For ein månad sidan godkjende eit knapt fleirtal i fylkeskommunen avtalen med den franske reklamegiganten JCDecaux om reklame på kollektivtransporten.

Marthe Hammer frå SV

GLAD FOR OMKAMP: Marthe Hammer frå SV er glad for at det nye fleirtalet i Hordaland fylkeskommune vil reversera avtalane og vedtaka om reklame i busskur, bussar, bybanevogner og byrommet generelt i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Tar opp kampen på ny

Men no vil det nye fleirtalet i Hordaland fylkeskommune på nytt ta om kampen mot reklame i det offentlege rommet i Bergen.

– Det er fantastisk bra, og det er eit uttrykk for folkeviljen i Bergen som fleire gangar har sagt nei til reklame og visuell forsøpling, seier Marthe Hammer i SV.

– Dette handlar om verdiar. Det er ein kvalitet for Bergen at me skal sleppa å stupa i reklame uansett kor me går, seier påtroppande fylkesordførar Anne Gine Hestetun frå Arbeidarpartiet.

Millionar i reklameinntekter

Fylkeskommunen har delt den omstridde reklamesaka opp i to delar. Den første delen gjeld reklame på sjølve bybanen og på bussane. Her er det altså gjort avtale med verdas største reklameselskap for utandørsreklame, og avtalen omfattar reklame bak på bussane, samt inne i både bussar og bybanevogner.

Avtalen gir 6–7 millionar kroner i årleg drift til kollektivtrafikk.

Den andre delen omfattar busskur og byrommet generelt, og skal etter planen finansiera bygging og vedlikehald av offentlege toalett og bysyklar. Men reklameplakatane kan tidlegast dukka opp hausten 2016.

Reklame

Slik vil eit bybanestopp i Bergen ta seg ut frå 2016, med mindre det nye fleirtalet i fylkeskommunen får det som dei vil.

Foto: Illustrasjon

– Useriøst

Derfor ser motstandarane no sitt snitt til å snu vedtaka som det førre fylkestinget og bystyret gjorde.

Anne Gine Hestetun

VIL IKKJE HA REKLAME: - Det er ein kvalitet for Bergen at me skal sleppa å stupa i reklame uansett kor me går, seier påtroppande fylkesordførar Anne Gine Hestetun frå Arbeidarpartiet.

Foto: Sølve Rydland / NRK
Tom-Christer Nilsen

- USERIØST: Det meiner avtroppande fylkesordførar Tom Christer Nilsen (H) frå Høgre.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Men me kan ikkje løyse saker ved å berre synse oss fram. Me må sjå på kva forpliktingar som er inngått. Og fylkesrådmannen har til oss vore klar på at det ikkje har blitt inngått forpliktingar som gjer at avtalen ikkje kan reverserast, seier Anne Gine Hestetun (Ap).

Sjølv om avtalane for reklame i byromma enno ikkje er ferdigforhandla, meiner avtroppande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen frå Høgre at det er useriøst med nok ein omkamp.

– Alt er mogleg å reversere, men det ville vere relativt useriøst å inngå ein avtale for å så seie den opp nokon dagar etter på. Det kan sjølvsagt også ha ein kostnad.

Nilsen meiner reversering av reklamevedtaket vil gje eit dårlegare kollektivtilbod.

– Eg fryktar ein omkamp. Det kan gi eit hol i den fylkeskommunale økonomien som gjer at vi anten får for dårleg vedlikehald av haldeplassar og ventefasilitetar, eller at vi får eit dårlegare kollektivtilbod enn vi elles ville hatt.

LES OGSÅ: JCDecaux vil ikke kreve økonomisk erstatning hvis avtalen annuleres

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo