Hopp til innhold

Denne hurtigtesten skal få ned antibiotikabruken

HAUKELAND (NRK): Ein ny hurtigtest for pasientar med luftvegsinfeksjonar skal hindre unødvendig bruk av antibiotika. Forskarane trur fastlegen din vil ha ein tilsvarande test om få år.

Ny hurtigtest for antibiotika på Haukeland

PRØVE: Legane Dagfinn Markussen og Siri Knoop med appratet som blir brukt til prøvetakinga. Pasientane pustar inn saltvatn som gjer at dei hostar opp slim. Prøva blir så sendt til hurtiganalyse. To timar etter har legane svar på kva som feilar pasienten.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

I Noreg står pasientar med luftvegsinfeksjonar for ein stor del av antibiotikabruken.

Den nyutvikla hurtigtesten blei denne veka for fyrste gong tatt i bruk på akuttmottaket på Haukeland universitetssjukehus.

Med hurtigtesten vil det ta rundt to timar å få svar på kva som feilar pasienten og om antibiotika er rett behandling, mot to dagar med dei fleste testar som nyttast i dag.

Forskarane bak håper den vil ha fleire effektar:

  • Mindre bruk av antibiotika, og med det bidra til mindre antibiotikaresistens.
  • Hurtigare og betre behandling, fordi ein får stilt rett diagnose raskare.
  • At pasientane blir friske raskare.

Kan motverke resistens

Rundt 70 personar døyr kvart år i Noreg som følgje av antibiotikaresistens. I Europa anslår helsestyresmaktene at talet er 33.000.

Eit viktig tiltak for å motverke resistens er å berre bruke antibiotika når det er naudsynt.

– Vi nyttar altfor mykje antibiotika på pasientar med luftvegsinfeksjonar, fordi vi behandlar alle slike infeksjonar på same måte, seier avdelingssjef ved mikrobiologisk avdeling Elling Ulvestad.

Saman med UiB-professor Harleen Grewal står han bak utprøvinga av den nye testen.

Dei fleste luftvegsinfeksjonar kjem av virus, og antibiotika har ingen effekt på virusinfeksjonar. I dag gir likevel legar ofte antibiotika til pasientar med til dømes viruslungebetennelse, fordi det kan ta opp til fleire dagar å få svar på prøvene.

– Influensa skal til dømes ikkje behandlast med antibiotika, og det vil vi avsløre med denne testen, seier Ulvestad.

Han håper mindre bruk av antibiotika til pasientar med luftvegsinfeksjonar vil bli eit viktig bidrag i kampen mot antibiotikaresistens.

Sondre Serigstad, Dagfinn Markussen og Siri Knoop, leger ved akuttmottaket på Haukeland universitetsjukehus.

PILOT: Til akuttmottaket kjem mange pasientar med luftvegsinfeksjonar, som lungebetennelse. Legane Siri Knoop, Dagfinn Markussen og Sondre Serigstad håper hurtigtesten vil gi raskare og betre behandling – og mindre bruk av antibiotika.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Må kutte antibiotikabruken

Norske helsestyresmakter har sett mål om å redusere bruken av breispektera antibiotika med 30 prosent innan utgangen av 2020. For luftvegsinfeksjonar er håpet å redusere bruken med 35 prosent.

Etter under ei veke med hurtigtesten har legane på akuttmottaket håp om at dei kjem til å bruke mindre antibiotika.

– Testen har allereie ført til at vi ikkje har gitt antibiotika til pasientar vi vanlegvis ville gitt det til, seier overlege Dagfinn Markussen.

Testen gir også svar på om pasienten er smitta av resistente bakteriar. Det gjer at legane kan velje ein annan type antibiotika enn den bakterien er motstandsdyktig mot.

Professor og overlege Harleen Grewal og avdelingsleiar ved Mikrobiologisk avdeling på Haukeland Elling Ulvestad.

FORSKARANE: Professor og overlege Harleen Grewal og avdelingsleiar ved Mikrobiologisk avdeling på Haukeland Elling Ulvestad står bak forskingsprosjektet.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Fastlegar kan få testen

Prosjektet er del av eit nasjonalt forskingsprogram på antibiotikaresistens, støtta av Trond Mohn-stiftinga.

Professor og overlege Harleen Grewal trur ein tilsvarande hurtigtest kan vere tilgjengeleg på norske legekontor om kort tid.

– Dette er den første versjonen, men det vil kome fleire versjonar av testen etter kvart, som heilt sikkert vil vere billigare og meir brukarvenleg. Så eg trur legekontor vil ha testen om to til tre år.

Fredag 6. desember sender P2 ei samtale med fleire av forskarane direkte frå Universitetsaulaen i Bergen. Høyr programmet «Hvem vinner – menneskene eller bakteriene?» klokka 13.03. Programleiar er Trond-Viggo Torgersen.