Hopp til innhold

Ny gondolbane gir milliardeffekt for skibygda

VOSS (NRK): Om eitt år kan du gå rett av Bergensbanen og inn i ei vogn som tek deg 800 meter til fjells. Det gir enorm satsing i området rundt.

Skisse Hangursbanen nedre stasjon

MOT HIMMELEN: – Vi kjenner ikkje til noko liknande, seier selskapet bak den nye gondolbanen på Voss.

Foto: HLM Arkitektur AS / Tegmark

Ved jernbanestasjonen på Voss reiser eit tydeleg symbol på den enorme reiselivssatsinga seg.

Om eitt år står ei helt ny gondolbana klar til bruk. Ni kabinar skal kunna frakta 1100 personar til fjells kvar time.

– Her kan du gå rett frå toga på Bergensbanen og over i ei gondolbane som fraktar deg til fjells, over 800 meter over havet. Vi kjenner ikkje til noko liknande, seier Øyvind Wæhle i Voss Resort.

Det er brukt 300 millionar kroner på den nye gondolbana. Men det blir nesten småtteri målt mot alt som skjer elles i den kjende skibygda midt i Hordaland.

Øyvind Wæhle i Voss Resort ved bygginga av gondolbane

SATSAR: Øyvind Wæhle i Voss Resort på Voss stasjon. Her skal også nedre stasjon på den nye gondolbana stå klar neste år.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Tre milliardar kroner

For dei neste fem åra investerer reiselivet på Voss over tre milliardar kroner. Det dreier seg mellom anna om endå meir hytteutbygging i Myrkdalen og vidare satsing ved skianlegget rett over Voss sentrum.

– Og det kjem eit heilt nytt hotell. Her får vi eit fyrtårn som igjen vil generera vidare satsing, seier dagleg leiar Mona Hellesnes i reisemålsselskapet Destinasjon Voss

Satsinga skjer ikkje utan motstand. Det var sterke protestar mot gondolbana og kommunen innrømma for dårleg saksbehandling.

Slik blir den nye Hangursbanen

HEILE ÅRET: Slik er teikningane for den nye gondolbanen på fjelltaket over Voss. Planen er at den skal bli brukt også om sommaren.

Foto: HLM Arkitektur AS

Må bli populært

Men Hellesnes meiner den nye gondolbana blir eit tidsskilje for Voss, som vil gjera kommunen til ein populær heilårsattraksjon.

Fallhøgda er likevel stor når investeringane har gått til himmels. Skal økonomien gå rundt er gondolbana nøydd til å bli populær.

Voss Resort treng 130.000 reisande allereie første året om det skal bli grøne tal i rekneskapen. Wæhle innrømmer at han er litt nervøs.

– Det skal vi klara innan 2020. Viss vi ikkje har ein viss nervøsitet i magen, så klarar vi ikkje å prestere bra. Vi kan ikkje ta noko for gitt.

Mona Hellesnes i Destinasjon Voss

TIL TOPPS: Mona Hellesnes i Destinasjon Voss viser kor gondolbana skal gå på Voss.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Går for sommaren

I dag er det kanskje mange som først og fremst forbind Voss med vinter og snø i skibakkane, sjølv om Ekstremsportveko er stadig populær om sommaren.

I fjellandsbyen i Myrkdalen er det bygd ut fleire skitrekk og over 500 hytter dei siste 15 åra.

Men håpet er at gondolbana nede i sentrum skal generera enno fleire besøkande som sommaren, når storinnrykket med utanlandske turistar i retning Nærøyfjorden og Flåmsbana kjem.

– Voss og Vestlandet blir enno meir attraktive. Hovudtyngda av dei internasjonale gjestene kjem om sommaren. Det er klart gondolbana vil ha stor betydning for dei som kjem om sommaren, slår Hellesnes fast.