Ny forsking: Åleinemødrer er attraktive kjærastar

BERGEN (NRK): Kvinner med barn får lettare kjærast enn dei som ikkje har barn, syner ei stor studentundersøking. – Haldningar til åleinemødrer har endra seg, trur forskar.

Illustrasjonsbilde av alenemor

FORDEL: I motsetnad til kva forskarar tidlegare har trudd, er barn ingen hindring for kvinner som vil ha ein ny kjærast – tvert imot. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

Forskarar ved Universitetet i Bergen har undersøkt kven som får seg kjærast og kva faktorar som spelar inn.

2404 single studentar svarte på ei rekke spørsmål om både livssituasjon og trekk ved personlegdomen deira. Året etter blei dei igjen spurd om dei hadde kjærast eller ikkje.

Eit av funna overraska førsteamanuensis ved Institutt for samfunnspsykologi, Eilin K. Erevik.

Å ha barn auka sjansen for at kvinnene fann seg kjærast.

– Dette rokkar ved oppfattinga av at det er enkelt for menn å finne seg ein ny partnar sjølv om dei har barn, men ikkje for kvinner, seier Erevik.

Treng ein partnar

Det har vore vanleg å tru at barn er ei hindring for kvinner som ynskjer seg ein kjærast. Undersøkinga blant studentar på fleire studiestader i Bergen synte det motsette.

Dei som hadde barn hadde tre gonger så stor odds for å gå inn eit forhold, samanlikna med dei som ikkje hadde barn.

– Tidlegare funn i forskinga har tyda på at kvinner som har barn frå før blir vurdert som mindre attraktive og at det difor er mindre sannsynleg at dei finn seg ein partnar, seier Erevik.

Ho meiner det kan bety at haldningane til åleinemødrer har endra seg.

Eilin K. Erevik, førstea,anuensis ved Institutt for samfunnspsykologi ved Universitetet i Bergen.

HJARTEFORSKING: Eilin K. Erevik er førsteamanuensis ved Institutt for samfunnspsykologi og har undersøkt kva for studentar som får seg kjærast.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Forskarane veit ikkje kvifor dei kvinnelege studentane lettare fekk seg kjærast, men har nokre teoriar.

– Forsking viser at dei som har barn ser etter andre ting i ein partnar enn dei som ikkje har barn. Kanskje er det mindre konkurranse om desse personane, seier Erevik.

Ho trur også det kan handle om at dei som er åleine med omsorga for eit barn kan ha større behov for ein partnar.

Ikkje klare for bonusbarn

Dei mannlege studentane NRK møter ved studentsenteret ved Universitetet i Bergen trur ikkje dei ville blitt saman med nokon som har barn frå før.

– Nei, det trur eg ikkje. Ikkje akkurat no, seier Jonas Frafjord (20), som allereie har ein kjærast.

– No som eg er 20 år så hadde eg nok ikkje vore klar for det ansvaret, men seinare i livet trur eg ikkje eg hadde hatt noko imot det, seier Jens Gravem.

Studentar om ny forsking

IKKJE NO: Jonas Frafjord, Jens Gravem og Elias Guddal seier dei ikkje er klare for ein kjærast med barn enno. Men kanskje seinare.

Foto: Ida Yasin Andersen / nrk

Dei innrømmer at utsjånaden tel når dei ser etter ein kjærast, men er raske til å understreke at personlegdomen er viktigast.

– Det må vere ei med gode personlege trekk som gjer at eg har det kjekt, og ei eg kan elska, seier Frafjord

Barn lite å sei for menn

For menn synte undersøkinga at alder var viktig. Barn hadde lite å sei for om dei var attraktive kjæresteemne.

Forskinga er publisert i tidsskriftet Evolutionary Psychological Science. Erevik meiner funna deira kan vere nyttige.

– Talet på barnlause aukar og det er fleire som er single, særleg i dei store byane. Å vite noko om kven det er som finn seg kjærast eller ikkje kan både hjelpe enkeltpersonar og vere interessant på samfunnsnivå.