NRK Meny
Normal

Ny ekspressheis i gang i Røldal

For litt over ei veke sidan kunne dei første skientusiastane ta i bruk den nye ekspressheisen i Røldal skisenter. – Ein stor draum som gjekk i oppfylling, seier dagleg leiar.

Røldal ekspressheis

EKSPRESSHEIS: Den nye ekspressheisen går fem meter per sekund, og kan frakte 7500 gjester i timen.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Den går fem meter i sekundet, og svelgjer unna 1700 i timen. Me kan endå auke kapasiteten og setje på fleire stolar, seier Oddvar Bratteteig, dagleg leiar ved Røldal skisenter.

– Ein plass må me byrje, og så får me sjå om me treng fleire til neste år, seier han.

– Ein stor draum

Oddvar Bratteteig

NØGD: Dagleg leiar ved Røldal skisenter seier at å få starta den nye ekspressheisen var ein stor draum.

Foto: NRK

Med den nye heisen, som har ein prislapp på 40 millionar kroner, har skisenteret no ein kapasitet som gjer at dei kan frakta 7500 gjester i timen. «Røldal ekspress» tar gjestene 1200 meter opp, til toppstasjonen.

Oddvar Bratteteig som er dagleg leiar ved Røldal skisenter har venta lenge på denne utbygginga.

– Det var ein stor draum som har gjekk i oppfylling då me fekk trykke på knappen på den, og det verka det som om gjestene våre også synst, seier Bratteteig.

– Tilbakemeldingane har vore mange og gode. Det er berre skryt å høyre, og det har gått veldig fint dei første ni dagane, legg han til.

– Fantastiske forhold

Røldal ekspressheis

I GANG: Den nye ekspressheisen i Røldal tar gjestene opp til toppstasjonen, 1200 meter over havet.

Foto: Tale Hauso / NRK

Etter den dyre investeringa, blir snørike vintrar viktigare enn nokon gong, men med snørekord måndag, og elles gode forhold, har ikkje skisenteret noko å frykta enno. Måndag vart det målt heile 117 centimeter snø.

– Me har fantastiske forhold, og det ligg to til to og ein halv meter med snø, og det øvste laget på det er mykje pudder, og mykje laussnø, og det likar folk, seier Bratteteig.

– Røldal er ein av dei mest snøsikre plassane i Noreg, og me ropar høgt hurra når me får denne mengda så tidleg, seier han.

Sjølv om Røldal skisenter ikkje i år får dei store toppane denne sesongen, var det totalt 3500 besøkjande fredag til og med søndag.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.