NRK Meny
Normal

Ny ekspressbuss skulle få bort milelange køar – Arvid køyrer ruta nesten heilt aleine

RV 555, SOTRA-BERGEN (NRK): «Matpakkekøyrarar» skapar køkrise i morgonrushet. På ekspressbussavgangen torsdag morgon hadde Arvid Samuelsson éin passasjer.

Bussjåfør Arvid Samuelsson

– HAR GOD PLASS TIL FLEIRE: Bussjåfør Arvid Samuelsson hadde klokka 07.20 torsdag berre éin passasjer på ekspressbussen som skal bidra til å løyse køproblema på riksveg 555. På avgangen før sat det fem passasjerar i bussen.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

I vår har milelange køar lamma morgontrafikken på ein av dei mest sentrale ferdselsårene inn til Bergen, riksveg 555 frå Sotra.

Ei trafikkteljing Statens vegvesen har gjennomført for NRK, viser ei auke på tusen bilar i veka i morgonrushet – og i april sette Fjell kommune inn fleire hastetiltak for å få bukt med dei store køproblema.

Eitt av tiltaka var å be fleire om å ta buss. Brukarundersøkingar viste at folk ønskte seg ei ny ekspressbusslinje. Og denne veka starta rute 23E frå Straume på Sotra, gjennom Knappetunnelen, til Kokstad i Bergen.

Men torsdag morgon, på tredje dag med drift av den nye busslinja, var det berre éin passasjer som nytta seg av den nye ekspressavgangen klokka 07.20 frå Sotra.

Målet med pendlarruta, er å få dei mange som skal på arbeid i Kokstad-området, der mellom anna Equinor og Telenor har kontor, til å reisa kollektivt. På den første av dei to daglege avgangane, klokka 06.15, hadde sjåfør Arvid Samuelsson fem passasjerar.

– Vi har veldig god plass til mange fleire, konstaterer Samuelsson.

Kø på riksveg 555 måndag morgon 16.april

ENORME KØAR: Biletet er tatt i midten av april, like etter at Fjell kommune innførte strakstiltak for å få ned køane. Den umiddelbare effekten var ikkje særleg stor.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Skulle få vekk «matpakkekøyrarar»

Fleire mindre trafikkteljingar, gjennomført mellom anna av Bergensavisen og NRK, syner at det berre sit éin person i så mange som 80 prosent av bilane frå Sotra til Bergen i morgonrushet.

– Hadde alle som køyrer åleine brukt alternative reisemåtar éin gong kvar fjortande dag, ville truleg køane forsvunne, sa senioringeniør Erik Johannessen i Vegvesenet til NRK tidlegare i mai.

Ingrid Dreyer i Skyss

Ingrid Dreyer

Pendlarruta til Kokstad skulle bidra til å få vekk alle «matpakkekøyrarane» og køane på riksveg 555, og har vore omtalt fleire stader. Likevel held passasjerane seg altså borte.

– Vi er i gong med å informere i våre eigne kanalar, og fleire lokalaviser har skrive om tilbodet, seier pressekontakt i Skyss, Ingrid Dreyer.

Ho meiner likevel det er naturleg at få førebels brukar tilbodet, sidan det starta opp så seint som tysdag denne veka.

– Det tar alltid tid å etablere ei ny bussrute, seier Dreyer.

Feil stoppestader?

Ordførar i Fjell, Marianne Bjorøy (Ap), seier kommunen no vil gjera sitt for å gjera ruta kjend.

Marianne Bjorøy

Marianne Sandahl Bjorøy

Foto: ANNBJØRG DALLAND / NRK

– Den kom på plass litt raskare enn vi hadde sett føre oss. Så vi har ikkje fått gjort den marknadsføringsjobben vi hadde tenkt å gjere før bussen starta opp, seier ho.

Blant dei få tilbakemeldingane ordføraren så langt har fått frå innbyggjarane, meiner fleire at ekspressbussen burde stoppa fleire stader. Difor nyttar dei andre bussruter, sjølv om dei tek lengre tid.

– Målet er jo at folk frå Sotra skal ta bussen til arbeidsplassen sin på Kokstad eller Sandsli, og bussruta er eigentleg perfekt. Men vi får vurdere om dei beste stoppestadene er vald, seier Bjorøy.

Siste video

Programleiar: Tale Hauso
Panini-bølgen sprer seg over landet under VM.
Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.