Hopp til innhold

Ny app finn billeg bensin for deg

Lurer du på kor bensin og diesel er billegast? Frå i dag av kan du lett finne svaret, ved hjelp av ein gratis app.

Bensinprisar

STORE FORSKJELLER: NAF vil dei varierande bensinprisane til livs. Biletet viser to bensinstasjonar tre kilometer frå kvarandre.

Foto: Maria Pile Svåsand / NRK

NAF har i lengre tid hatt ei sms-teneste der du kan samanlikne bensinprisar. No går dei eit steg lenger, og lanserer ein bensinpris-app.

Vil ha slutt på store svingingar

Tenesta vert lansert i Bergen fyrst, så følgje Trondheim og deretter fleire byar.

– Vi ynskjer å skape ei oversikt for forbrukarane over kor dei får billegast bensin. Det er fortvilande at prisen kan variere med 1,95 kroner på ein og same stasjon i løpet av same dag. Dette vil vi til livs, seier dagleg leiar Ole J. Christensen i NAF Bergen.

Bilistane må hjelpe til

Etter lanseringa av sms-tenesta har prisforskjellen mellom Bergen og Oslo blitt langt mindre. NAF håpar app-en skal bidra til å jamne ut forskjellane ytterlegare.

– Tenesta er ein kamp mot dei store svingingane i prisane. Når prisane er så høge som no, er det fleire kroner å spare ved å velje rett bensinstasjon, meiner Christensen.

NAF bensin-app

BRUKER KART: Appen finn nærmaste bensinstasjon og fortel deg kva prisane er i nærleiken.

Foto: NAFs bensinpris-app

I byrjinga har NAF leigd inn hjelp til å kartlegge prisane. Men etter kvart er målet at forbrukarane sjølv tek over og legg inn pris frå der dei fyller.

– Appen kostar ingenting å laste ned, og er enkel å bruke. No vil vi vise forbrukarmakt, avsluttar Christensen.