Hopp til innhold

NVE vil ikkje ropa «ulv-ulv»

Direktoratet vurderer å slutte å varsle kommunane når det er gult flaumvarsel. Årsaka er at slike varsel kjem oftare.

Flom

FLAUM: NVE opererar med fire nivå på sin flaumvarsling, frå grønt og ufarlig til raudt og 50-årsflaum.

– Været tilseier at vi har mange flaumvarsel på gult nivå. For å unngå ein situasjon der ein ropar ulv-ulv, så har vi diskutert om befolkningsvarslinga først på slå inn på oransje nivå, seier regionsjef Brigt Samdal i Noregs vassdrags- og energidirektorat til NRK.

Gult flaumvarsel er det lågaste risikonivået, sett bort frå grønt nivå som betyr ufarleg. Men gult nivå betyr likevel at det kan skje skader av flaum og erosjon lokalt.

Kan virke mot sin hensikt

I dag er rutinen at når NVE varslar gult, gir dei beskjed til Fylkesmannen i fylket det gjeld. Fylkesmannen skal så varsla vidare til kommunane.

Problemet er at for mange gule varsel kan verka mot hensikta. Samdal seier at mange varslingar kan føre til at kommunane ikkje gjer grep når behovet verkeleg er der.

– Det må vere eintydig og riktig forstått at når vi først varslar så er det ein situasjon som må takast på alvor og at det må setjast inn tiltak.

– Er det eit generelt problem at det blir varsla for mykje?

– Nei. Men naturen har synt oss at det er ein auke i talet på gule varsel. Derfor må vi vurdere om den kategorien skal endrast litt, presiserer regionsjefen i NVE.

Meiner dei varsla rett

I går fortalde NRK at NVE meinte det var rett å berre varsla oransje flaumnivå før den katastrofale oktobernatta på Vestlandet i haust. Flaumen gjorde enorme skadar mellom anna i Odda, på Voss og i Flåmsdalen.

NVE vil derfor ikkje endra varslingsrutinane ved å bruka raudt ekstremvarsel i større grad enn i dag.

- Modellane som ligg til grunn har historisk materiell på mange hundre år og har god treffsikkerheit, sa Samdal i går.