Hopp til innhold

NVE: – Vi varsla riktig

NVE endrar ikkje varslingsrutinane sine etter flaumen som raserte fleire bustadhus i Odda og Flåm i haust.

Opoelva

SLUKTE BUSTADHUS: Odda sentrum fekk hard medfart i oktoberflaumen i haust.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Varslinga var riktig. Det var ingenting i prognosane våre som tilsa at det vart slike vassmengder, seier regionsjef Brigt Samdal i Noregs vassdrags- og energidirektorat til NRK.

NVE sitt daglege flaumvarsel for kvar enkelt kommune er oransje viss det er venta opp til 50-årsflaum, medan raudt varsel gjeld det som er større enn 50-årsflaum.

Før den katastrofale oktobernatta i fjor, sende NVE ut raudt flaumvarsel for Voss, men det var Odda sentrum og Flåmsdalen i Aurland som vart aller verst råka. Begge stadane hadde berre fått oransje varsel.

– Varslingane var riktige

Brigt Samdal - Regionsjef Vest NVE

Brigt Samdal, regionsjef i NVE Vest.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Ut ifrå den kunnskapen NVE hadde om nedbørsmengdene så var varslingane riktig forma ut og utsendt, seier Samdal i NVE.

Oktoberflaumen herja i vestlandsfylka og i både Odda og Flåm reiv elvene med seg mange bustadhus. Mange menneske måtte sjå heimane sine forsvinne i dei enorme vassmengdene.

– Det som skjedde i Flåmselva, med mengda vatn som kom ned, var ikkje ekstremt. Men Opoelva i Odda var heilt ekstremt. Vi varsla oransje nivå, som er eit varsel om store, omfattande øydeleggingar og flaumskadar.

Ikkje snakk om å endra rutinane

– Hadde vi visst at vassmengdene ville bli over 770 kubikkmeter per sekund i Opoelva, så hadde vi varsla kommunen tydelegare i forhold til det. Men vi varsla riktig ut ifrå dei prognosane som vi hadde på det tidspunktet, gjentek Samdal.

Han seier NVE ikkje har planar om å endre varslingsrutinane på bakgrunn av korleis flaumen i oktober slo ut.

– Så vidt meg kjent så er det ikkje snakk om noko endring av varsling for raudt og oransje nivå. Modellane som ligg til grunn har historisk materiell på mange hundre år og har god treffsikkerheit, avsluttar Samdal.