Robert Høyem i Bergen skjønte ingenting då ein person ringde og spurte om han framleis var interessert i møblane som låg ute på Finn.no.
– Eg hadde aldri vore interessert i desse møblane, seier han.
Så kom det seks-sju liknande telefonar på kort tid.
- Les også: – ID-svindel er en stor samfunnsrisiko
Nummeret misbrukt
Det viser seg at nokon gir seg ut for å vera Høyem ved å senda tekstmeldingar frå hans telefonnummer til seljarar på Finn.no. Han fekk sjå ein skjerm-kopi som viste at det var hans nummer som var brukt.
Høyem lurte på korleis dette kunne skje, og kontakta telefonoperatøren sin.
– Dei kunne ikkje sjå at det var gått ut slike meldingar frå mitt nummer, seier Høyem.
I tekstmeldingane svindlarane sender frå Høyem sitt telefonnummer, blir folk bedt om å svara på ei spesifikk epost-adresse som ikkje tilhøyrer Høyem. Om folk svarar på denne e-posten, kan dei bli svindla, ifølge Datatilsynet.
Fryktar ID-tjuveri
Datatilsynet ser alvorleg på saka, og fryktar at det kan vera snakk om forsøk på ID-tjuveri. Om du oppgir nok opplysningar om deg sjølv på e-post til svindlaren, kan identiteten din bli stjelt.
– I yttarste konsekvens kan folk stela identiteten din for å skaffa seg økonomisk vinning, seier seniorrådgjevar Trude Talberg-Furulund i Datatilsynet.
Ho seier det er lett å la seg lura når ein får tekstmeldingar, fordi folk som regel stolar på at avsendaren av ei melding er den han eller ho gir seg ut for å vera.
– Ein vil lett la seg lura av slike svindelforsøk, seier ho.
- Les også: Enorm økning i nettsvindel av nordmenn
– Ta kontakt
Finn.no opplyser til NRK at dei aldri har vore borti noko liknande før. Dei synest ikkje det er kjekt at brukarane deira skal bli utsett for svindelforsøk.
– Vi jobbar for at våre brukarar skal vera trygga på Finn.no, seier Geir Petter Gjefsen, som er leiar for forbrukartryggleik i selskapet.
Han ber alle som fryktar at dei kan ha vore utsett for svindelforsøk om å ta kontakt med Finn.no.
Datatilsynet seier at alle som opplever svindelforsøk bør melda det til politiet.
Robert Høyem syns ikkje det er kjekt at mange kan ha blitt svindla gjennom hans mobilnummer.
– Sjølv om det ikkje er min feil, er det trist å tenkja på at kanskje så mange som hundrevis av personar kan ha blitt utsett for dette, seier han.