Hopp til innhold

– Kjøpet får ingenting å seie for forholdet mellom Noreg og Kina

Huang Nubo vil kjøpe ein del av Noreg, men ekspertar åtvarar. Les intervjuet med den kinesiske forretningsmannen.

Huang Nubo

VIL BYGGJE FERIELANDSBY PÅ SVALBARD: – Sjølv om forholdet mellom Noreg og Kina ikkje har normalisert seg, er kinesarar veldig interessert i Nord–Europa og spesielt Norge, seier Huang Nubo.

Foto: LIU JIN / Afp

Den kinesiske milliardæren og ein av Kinas rikaste menn, Huang Nubo, sa til NRK i dag at han ønskjer å kjøpe eit 216 kvadratkilometer stort område på Svalbard.

Ikkje berre vil han by på eigedommane på Svalbard. Han seier han no er i direkte forhandling med grunneigaren som einaste potensielle kjøpar.

– Eg ønsker å bygge ein ferielandsby med hotell, feriehus og båtar til fisking. I tillegg vil me òg ha eit cruiseskip for å drive sightseeing i fjordane, sa Huang Nubo då NRK møtte han på kontoret hans i Bejing.

– Det er ingen andre kjøparar med i biletet. Dette er ei éin til éin forhandling, seier Huang som reknar med å måtte betale over 24 millionar kroner for ein liten bit av Noreg.

LES OGSÅ: Dette er Huang Nubo - Hordaland

(Artikkelen held fram under biletet)

Huang Nubo i Kirkenes

NOREGSVENN: Sidan Kirkenes-besøket i august har namnet til Huang Nubo dukka opp ofte i norske medium. No snakkar han altså om å kjøpe norsk jord på Svalbard.

Foto: Pikene på Broen

– Eg visste ikkje at det var så mykje is der

Den kinesiske forretningsmannen håpar å kunne avslutte forhandlingane i år og starte bygginga på Svalbard om fire år. Men sjølv er han ikkje spesielt godt kjent i området han vil investere i.

– Det er mykje is på Svalbard. Vil du bygge flyplass for turistane?

– Det har eg ikkje tenkt på. Eg trur ikkje eg vil bygge noko flyplass. Dette blir ei stor utfordring for meg. Eg visste ikkje det var så mykje is der.

Får Huang det som han vil stoppar det truleg ikkje med ferielandsby på Svalbard. Han vil også undersøke moglegheita for å bygge hotell i Oslo og i Bergen. Målgruppa er i hovudsak velståande kinesarar.

– Sjølv om forholdet mellom Noreg og Kina ikkje har normalisert seg, er kinesarar veldig interessert i Nord–Europa og spesielt Norge. Det vakre landet med fjordar, nordlys, og Bergen med all sin kultur og historie fell verkeleg i smak hjå kinesarane.

LES OGSÅ: Rik kineser vil kjøpe del av Island - Økonomi

(Artikkelen held fram under biletet)

Austre Adventfjord på Svalbard

FERIELANDSBY: Her, i Austre Adventfjord på Svalbard, vil Huang kjøpe eit 216 kvadratkilometer stort område. – Eg visste ikkje at det var så mykje is der, seier Huang til NRK.

– Får ingenting å seie for forholdet mellom Kina og Noreg

Han vil legge til rette for at fleire kinesarar besøker Noreg, men trur ikkje dette kjem til å betre det etter kvart kjølige forholdet mellom Kina og Noreg.

– Eg trur ikkje dette vil spele noko rolle. Me er ei privat bedrift, så eg trur ikkje dette vil påverke forholdet mellom dei to landa. Dette er business. Eg er berre ein businessmann, eg vil tene pengar.

– Kor stor er formuen di i dag?

– I Kina er det vanskeleg å snakke om formue på den måten. Eg kan ha 20 milliardar i dag, og i morgon kan eg gå konkurs. Den kinesiske økonomien har endra seg mykje. Kinesiske myndigheiter er opptatt av statlege bedrifter. Difor torer eg ikkje seie om eg framleis eksisterer i morgon eller ikkje.

– Men der ligg også sjarmen: at alle kinesiske private bedrifter har vakse fram i uvissa. Formuen mi ligg i at eg har skapt ein kommersiell modell. Ingen kinesiske bedrifter har tidlegare prøvd å jobbe med turisme og ferieindustrien på same måten som oss, og ingen har prøvd å jobbe internasjonalt med ferieturisme. Dette har kanskje meir å seie enn sjølve pengesummen på hundre milliardar, seier Huang.

Blei medlem av kommunistpartiet som 18-åring

Fleire Kina-ekspertar har sagt dei er urolege for at Huang er meir enn berre ein forretningsmann, og at den kinesiske staten kan stå bak kjøpet. Dei fryktar at Norge og andre nordiske land er naive i møtet med mektige kinesarar som Huang Nubo.

– Er du medlem av kommunistpartiet?

– Ja. Eg blei kommunistmedlem då eg var 18 år. Den gongen var eg framleis ein av «kunnskapsungdommane» (ungdommane som blei sendt på landsbygda under Kulturrevolusjonen for å omskolerast).

– Har du også vore direktør i propagandaministeriet?

– Etter at eg var ferdig med universitetsutdanninga, blei eg i Beijing for å jobbe i Kinas propagandadepartement. Der jobba eg i ti år. Viss eg hadde blitt der så hadde eg kanskje blitt minister. Men eg er veldig glad for at eg kom ut derfrå.

– No er eg ein fri forretningsmann. Hadde eg ikkje komme meg ut, måtte eg ha vore ein minister i dag.

– Kan du bruke forbindelsane dine?

– Dei er til inga nytte. Me er berre ei privat bedrift. Når du har komme ut (av offentleg teneste) så har posisjonen din endra seg. Du må leve på din måte, og følgje reglane i marknaden. Å vere avhengig av nettverk har ikkje stor nytte i marknadsøkonomien no for tida.

– Kan du ringe presidenten i Kina på telefonen?

– Eg har ikkje lyst til å ringe til han. Viss eg ringer er det heller ingenting han kan dirigere meg med, ler Huang.

(Artikkelen held fram under biletet)

Huang Nubo i Kirkenes

POET: Kirkenes, august 2013: Huang er på plass i Kirkenes under ein poesifestival han sjølv betalar for. Her les han sjølvskrivne dikt og besøker den norsk-russiske grensa.

Foto: Pikene på Broen

– Eg er fyrst og fremst ein poet

Den kinesiske forretningsmannen har gjort store investeringar i Kina, i Xinjiang, Hunan, Ningxia og Anhui. I tillegg held han på å investere i Spania og USA. I neste steg rettar han seg mot Noreg, men sjølv vil Huang Nabu helst snakke om poesi.

– Poesi er det eg likar best å snakke om. Eg er eigentleg ein poet. I år har det skjedd noko stort. Kjenner du til det franske forlaget Gallimard? Det er eit av dei fremste forlaga i verda. I løpet av dei siste hundre åra har dei aldri gitt ut poesi skrive av asiatiske potetar, men i år skal dei gje ut ei poesisamling skrive av meg. Dette betyr at kinesisk poesi har blitt anerkjent av det franske og europeiske poesimiljøet.

– Så eg er veldig stolt, eg er som sagt fyrst og fremst ein poet. Så har eg blitt forretningsmann for å overleve. Som forretningsmann kan eg gå konkurs i morgon, men poesien vil høyre til meg for alltid, uansett om eg er fattig eller rik. Dette er mi andre verd, den åndelege verda. Du snakkar no altså med ein poet om forretningsspørsmål, seier Huang og ler.