Hopp til innhold

NRK køyrer fjellovergangane: Heilkvitt over vidda

HARDANGERVIDDA (NRK): Frå draumedag i fjellet til snøføyk så du nesten ikkje ser. Slik gjekk det då vi køyrde kolonne på riksveg 7.

NRK-reporter Oddgeir Øystese testar alle fjellovergangane mellom Austlandet og Vestlandet. I dag: Riksveg 7 over Hardangervidda.

SJÅ VIDEO: Fjellovergang-reporter Oddgeir Øystese vurderer riksveg 7 over Hardangervidda.

– Dette trur eg skal gå bra. Det er vel trygt å køyre når det er erfarne folk som passar på.

Anne Tine Moltzau ventar på brøytebilen med to born i bilen. Dei skal over fjellet til Bergen, og det er første gong ho skal køyre i kolonne.

I køen har dei fått delt ut ei brosjyre om kolonnekøyring, med tittelen: «Kolonnekøyring er ikkje utan risiko».

– Vi har ikkje gjort store førebuingar. Det einaste er vel på med naudblink og tåkelys og å følge etter bilen framføre deg.

Denne ettermiddagen er eit godt bilete på kvardagen på riksveg 7 over Hardangervidda. I dag skal turen over vidda blir verre enn venta for Anne Tine Moltzau.

Denne veka køyrer NRK over alle dei fem fjellovergangane mellom Bergen og Oslo. Målet er at du skal få ein oversikt over opplevingane, og utfordringane, turen byr på.

  • Gi oss din rangering av rv. 7 nedst i saka.

Sjå deg rundt i kolonnekøen i 360-foto her:

Den verste vintervegen

Mellom bommane på Haugastøl og Maurset er det 41 kilometer med ope høgfjell. Vegen er utan tunnelar og med lite ly mot vind og ver.

Riksveg 7 over Hardangervidda utmerker seg som den vegen som er oftast stengt eller har innført kolonne kvar vinter. Vinteren 2015/2016 var vegen stengt for personbilar i meir enn 415 timar, klart flest av alle fjellovergangane.

Så langt i vinter har det vore om lag 200 timar der det vert vurdert at det ikkje er trygt å sleppe personbilar over. Denne dagen NRK er med i kolonnen er heilt på grensa.

Anne Tine Moltzau i kø for kolonne

Anne Tine Moltzau og sonen Magnus Fjeldtvedt på vent i kolonne i Eidfjord før turen går over Hardangervidda.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Berre tolv biler får bli med i kolonnen. Fleire våger ikkje dei ansvarlege å ta med seg. I ein snittfart på kring 20 kilometer i timen kryp køyretøya frå aust til vest, medan sjåførane har fullt fokus på å ikkje miste bilen framfor av synet.

Etter ein og ein halv time i kvit snø når alle trygg grunn på Maurset. Men dette var dei siste personbilane som kom over Hardangervidda i dag.

– Eg er så sliten. Dette var mykje verre enn eg trudde, samanfattar Anne Tine Moltzau.

– Det verste var då eg mista bilen framfor meg. Då får du hjartet i halsen og klump i magen. Dette er siste gong eg køyrer kolonne over Hardangervidda.

Fjellovergang - Hardangervidda

NRK meiner:

På kvar overgang gjer vi ei uformell vurdering av turen og vegen. Denne er basert på vegkvalitet, reiseavstand, natur og kva problem vêret på strekninga fører med seg.

«Riksveg 7 over Hardangervidda er ein unik veg. Få andre vegar byr på same naturopplevingar. I tillegg er vegen den kortaste mellom Oslo og Bergen, og den med minst total stigning. Men i vinterhalvåret er den særs lite føreseieleg.»

Vi vurderer kvar fjellovergang på desse tre kriteria.

  • Oppleving: 5 av 5 stjerner
  • Tid og økonomi: 3 av 5 stjerner
  • Pålitelegheit: 1 av 5 stjerner

Kva meiner du om riksveg 7 over Hardangervidda? Bruk skjemaet og kommentarfeltet under:

Laster innhold, vennligst vent..