NRK Meny
Normal

NRK køyrer fjellovergangane: Frykt og snøfokk over Haukeli

HAUKELIFJELL (NRK): Lastebilsjåfør Pål Thorsen føler seg trygg over E134, etter mange turar på fjellovergangen. Det er andre han møter på vegen han blir skremt av.

Oddgeir Øystese gjev deg si subjektive vurdering av dei fem fjellovergangane mellom aust og vest.

NRK-reporter Oddgeir Øystese gjev deg si subjektive vurdering av dei fem fjellovergangane. Denne gongen har han teke turen over Haukelifjell. Grafikk og redigering: Hobbesland/Wassmo

På veg frå Haugesund til Skien ventar lastebilsjåfør Pål Thorsen på kolonnen i lia over Røldal. Han førebur bilen sin til turen over fjellet.

– Kjetting må til. Gode dekk er ikkje godt nok i dag. Trailerhjula kan fort skli ut.

Sjølv føler han seg trygg. Dette har han vore med på mange gangar før på E134. Men han er ofte uroa for andre.

– Eg prøver å ikkje tenke på det, men eg blir ofte skremt. Folk med full skiboks, ungar i bilen, ofte med dårlege dekk. Det går som oftast bra, men det er mykje meir utrygt i ein personbil når det er snøfokk som i dag.

Lastebilsjåfør Pål Thorsen legger på kjetting

FØRE VAR: Lastebilsjåfør Pål Thorsen legger på kjetting før han tek turen over E134, slik han har gjort mange gongar før.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Hyttefolket er verst

Denne veka køyrer NRK over alle dei fem fjellovergangane mellom Bergen og Oslo. Målet er at du skal få ein oversikt over opplevingane, og utfordringane, turen byr på.

  • Gi oss din rangering av E134 nedst i saka.

Thorsen meiner det er ei gruppe som skil seg ut.

– Hyttefolk har ofte dårleg tid. Dei skal med kolonnen uansett og har lite forståing for at fjellet kan vere farleg.

Sjå 360-foto frå E134 ved Røldal stavkyrkje:

Den første fjellvegen

Vegen over Haukelifjell er den eldste bilvegen over fjellet mellom aust og vest. Den stod klar i 1886. I sumarhalvåret kan bilistane framleis køyre på gamlevegen fleire stader. Det er eit monument over norsk samferdslehistorie og ei tid då vegen vart bygd med handmakt og viljestyrke.

Men det er vanskeleg å sjå noko til historia denne dagen NRK køyrer over. Mesteparten av merksemda går til å følge dei blinkande lysa til bilen framfor. Kolonnen får alle trygt over fjellet og denne gongen.

Pål Thorsen er nøgd med at han ikkje vart mykje forseinka på veg til Telemark.

– Eg har brukt fleire døger på å vente på denne overgangen. Men det var verre før. Då kunne du regne med at det ville gå ein dag eller to.

Laster kart, vennligst vent...

NRK meiner:

På kvar overgang gjer vi ei uformell vurdering av turen og vegen. Denne er basert på vegkvalitet, reiseavstand, natur og kva problem vêret på strekninga fører med seg.

«E134 over Haukelifjell har flest tunnelar av alle overgangane. Dei tek litt vekk frå opplevinga, men aukar tryggleiken på uversdagar. Dei gamle vegstrekningane er ei oppleving, men er stengt om vinteren. Problemet for den store gruppene bilistar som skal til og frå Bergen er at vegen vest for overgangen er så kronglete. For folk sør i Hordaland er vegen eit naturleg val.»

Vi vurderer kvar fjellovergang på desse tre kriteria:

  • Oppleving: 3 av 5 stjerner
  • Tid og økonomi: 2 av 5 stjerner
  • Pålitelegheit: 3 av 5 stjerner

Gje oss din vurdering av E134 som fjellovergang her eller i kommentarfeltet under:

Laster innhold, vennligst vent..

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.