Hopp til innhold

NRK kårer Hordalands flottaste ferjetur

I sommar kan du være med på alle 19 ferjeturane i fylket. Vi tester fartøy, kaier og overfartar.

Sundferja

BLODÅRA: Ferjene bind hordalendingane saman. NRK Hordaland skal reise alle rutene. Her er MF «Sundferja» i rute mellom Klokkarvik -Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik.

Oppdatert: Her kan du lese om strekninga som vart Hordalands flottaste ferjetur.

Sjøen har alltid bunde Hordaland saman.

Skipa og ferjene har ein sentral i identiteten vår. I dag ønsker folk seg gjerne ei bru eller ein tunnel, heller enn ei ferje. Mange samband er vekke, og mange kaier er nedlagde.

Men det er framleis vanskeleg å kome seg rundt i fylket utan ei ferje.

Omfattande kåring

Det er seks reiarlag som driv til saman 19 strekninger i Hordaland no. Men kvar får du den beste ferjeopplevinga?

Oddgeir Øystese

LUKKE: NRK-reporter og ferge-entusiast Oddgeir Øystese gler seg til å teste samtlege ferjer i Hordaland. Her på MF «Marstein» på strekninga Husavik - Sandvikvåg.

NRK-reporter og ferje-entusiast Oddgeir Øystese skal no reise rundt i fylket for å teste samtlege.

Alle dei viktige elementa i ei ferjereise vert evaluerte. Kva det er å sjå, kor gode ferjene er og kva service vi får om bord. Og det vert sjølvsagt ekstrapoeng for rutene der ein får ei kjensle av nostalgi og historie.

Les om alle ferjeturane vi testa ut:

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Ekspander/minimer faktaboks

Ryddar vekk ferjefordommane

Øystese har teke dei aller fleste turane tidlegare, men seier han går til reisa denne veka med eit ope sinn.

– Det som ikkje vert vurdert, er kor tenleg fergestrekninga er for dei som er avhengige av han. Dette vert litt som å vere turist i eiga fylke.

Første strekning som vert vurdert, er Krokeide-Hufthamar.

Kva karakter den får, kan du lese på nrk.no/hordaland i morgon.

MF "Masfjord" i rute på Halhjem - Våge (2010)

BLODÅRA: Ferjene bind hordalendingane saman. NRK Hordaland skal reise alle rutene. Her er MF «Masfjord» i rute mellom Halhjem og Våge

Foto: Harald Sætre