NRK Meny
Normal

NRK-journalist fekk målprisen

Programleiar og reporter Siri Kleiven Strøm får mediemålprisen for 2014. – Ho får fram bodskapen utan å gå språklege omvegar, skryt juryen.

Siri Kleiven Strøm

VANN MÅLPRIS: Siri Kleiven Strøm (26) får skryt for eit tydeleg og godt språk som årets vinnar av mediemålprisen.

Foto: Åge Algerøy / NRK

NRK-journalist Siri Kleiven Strøm (26) er tildelt Alf Helleviks mediemålpris for 2014.

Mediemålprisen frå Samlaget vart delt ut på årsmøtet til Det Norske Samlaget i går.

Strøm er kjend som programleiar for Vestlandsrevyen og Norge i Dag på NRK1, og som nyheitsreporter for både radio, tv og nett.

– Språkleg trygg og presis

Juryen seier følgjande om prisvinnaren:

"Siri Kleiven Strøm er språkleg trygg og formulerer seg presist og lettfatteleg. Ho har eit godt og tydeleg språk både i reportasjar og direkterapportering. Siri Kleiven Strøm har ein klar uttale og ligg tett opp til normert nynorsk også når ho rapporterer utan manus.

Ho held seg unna kjeldespråk og får bodskapen fram utan å gå språklege omvegar. Ho er både språkleg og journalistisk sterk og er ein god representant for nynorsken når ho står fram på riksnettet."

26-åringen frå Årdalstangen i Sogn og Fjordane har bakgrunn frå Nynorsk Mediesenter og NRK Sogn og Fjordane. No bur ho i Bergen og er tilsett i NRK Hordaland.

Pris på 25.000 kroner

Ho har studert ved Universitetet i Bergen og har bachelorgrad i administrasjon og organisasjonsvitskap med spesialisering i samanliknande politikk.

Mediemålprisen er på 25 000,- og har vore delt ut sidan 1998. Tidlegare vinnarar av prisen er m.a. Bjørn Bø, Siri Lill Mannes, Ingvild Bryn og Yasmin Syed.

Ingvild Bryn og Yasmin Syed sit også i juryen som gav ut prisen, saman med Magni Hjertenes Flyum.

Mediemålprisen er på 25 000,- og har vore delt ut sidan 1998. Alf Helleviks mediemålpris skal gå til ein yngre, faste nynorskbrukarar i radio eller fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo