Hopp til innhold

Norske jordbær truga av biedød og innavl

Store og saftige jordbær kan bli mangelvare i framtida.

Jordbær

NYT ÅRETS BÆR: Årets norske jordbær er eineståande på grunn av godt vêr i blomstringa. Men slik er det ikkje sikkert bæra blir framover.

Foto: Marita Saue Hamre / NRK

Sommaren er over oss og for mange er norske jordbær ein sentral del av feriekosen.

Men no er det nokon som ser mørkt på det gode ryktet desse bæra har. For store og saftige jordbær kan vera i ferd med å forsvinna.

Årsaka er mangel på bier, forklarar John-Arvid Grytnes, professor i biovitskap ved Universitetet i Bergen.

– Når biene pollinerer jordbæra, så byrjar frøa å produsere eit veksthormon som set i gang blomsterbotnen til jordbæra. Dei svell opp og blir til det røde som vi et. Men biene slit for tida, seier Grytnes.

Deformerte og dårleg smak

professor i biovitenskap John-Arvid Grytnes ved UiB

VARSLAR JORDBÆRKRISE: Professor John-Arvid Grytnes meiner mangel på bier i framtida kan føre til dårlegare norske jordbær.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Etter å ha sett nærare på resultata frå fleire studiar, meiner økologi- og botanikkeksperten at det kan spøke for framtida til jordbæra.

Grytnes viser til studiar der jordbærplanter har blitt pakka inn slik at biene ikkje kjem til.

Konsekvensen er at jordbæra blir små, deformerte og har dårleg haldbarheit, forklarar Grytnes.

Når biene manglar, må jordbæra spreie pollenet sjølv. Men det fiksar dei langt dårlegare.

Massiv død

Ein jordbærblomster har opp mot 500 arr. Ved sjølvpollinering er det berre ein liten del av desse arra som får pollen på seg, slik at blomsterbotnen ikkje svell like godt opp.

Jordbæra har ein forsvarsmekanisme mot å pollinere seg sjølv. For det er jo innavl. Dei frøa som ikkje blir pollinert, skrumpar inn jordbæra.

Grytnes viser til tyske studiar som syner at mengda insekt har gått ned med 50 til 75 prosent dei siste åra. UiB-professoren seier dei allereie har sett at jordbæra ikkje klarar å vekse seg runde og fine når dei må pollinere seg sjølv.

LES OGSÅ: – Derfor går det dårlig med biene

– Det er anslått at 40 prosent av marknadsverdien til jordbæravlingane skuldast pollinering frå bier, seier Grytnes.

– Alle har bikubar

Det finst likevel håp. Jordbærprodusentane kan kompensere for biemangelen med å setje opp bikubar rundt åkrane.

Sigrid Mogan

VIKTIG: – Vi er heilt avhengig av pollinerande insekt også i framtida, seier Sigrid Mogan, ved Norsk Landbruksrådgiving.

Foto: Norsk Landbruksrådgiving

– Dei aller fleste jordbærdyrkarar i Noreg nyttar bikubar, fortel Sigrid Mogan, i Norsk Landbruksrådgiving.

Ifølge Mogan er det førebels ikkje eit problem med innavl i norske jordbæråkrar. Det største trugsmålet mot saftige norske jordbær meiner ho er vêret.

– Det er vêr og temperatur som er grunnen til dårleg pollinering. Det er det vi som oftast skuldar på. Per no har ikkje jordbæravlingar vore dårlege grunna for lite insekt, seier ho.

Årets norske jordbær blir heilt perfekte, skal vi tru Sigrid Mogan. Eit nydeleg vêr i blomstringa får æra av det.

– I år bognar det av jordbær i åkrane, og det einaste vi manglar er folk som kan plukke dei, seier ho.