Veterinærinstituttet meiner det medfører fare for fugleinfluensasmitte at hønene blir importerte frå Tyskland.
Tyske bestemødre
Tore Villanger er hønseoppdrettar og leiar i Hordaland og Sogn og Fjordane Fjørfelag. Hønene hans er som andre norske høner, utanlandske.

Tore Villanger. (Foto: Olaf Erlend Gundersen/NRK)
- Dei kjem frå Tyskland ja, seier han.
Hønene veks opp på Radøy i Hordaland, men bestemødrene blir importert som egg.
- Generelt er handel med dyr og dyreprodukt den viktigaste smittekjelda for alvorlege og smittsame sjukdomar. Det ville vore ein fordel å berre hatt norske klekkeri, meiner avdelingsdirektør for dyrehelse i Veterinærtilsynet, Jorun Jarp.
Ingen norsk avl
Prior er hovudimportør, og John Nordal, direktør for trygg mat, seier dei kvart år importerer opp mot ein halv million ufødte høner.
- Me har ikkje hatt eigen avl i Noreg sidan midten av 90-åra, fortel Nordal.
Og bak det ligg det økonomiske motiv. Eggekartongen i butikken blir nemleg dyrare dersom hønene kjem frå Noreg.
Vil ikkje stogga import
Jarp ved Veterinærinstituttet meiner det ville vore verd pengane.
- Det ville vore lettare å halda oversikt og kontroll over innanlandsk populasjon, seier ho.
Sjølv om den dødelege H5N1-typen av fugleinfluensa er påvist i mellom anna Tyskland, er det ikkje aktuelt for Prior å stogga importen.
- Eg trur ikkje me kan få ei betre løysing, meiner Nordal.