Hopp til innhold

Norske filmar sette kinorekord

Besøkstala for norske kinofilmar auka med 43,5 prosent frå 2017 til 2018. Utanom 2016, er det det einaste året norske filmar har passert tre millionar besøk i nyare tid.

Skjelvet

Norsk film har hatt eit suksessår på kino, og aldri før har marknadsdelen vore så stor.

Foto: Fantefilm/Nordisk Film Distribusjon

Meir enn fjerdeparten av kinogjengarane i 2018 gjekk for å sjå ein norsk film. Det utgjorde meir enn tre millionar kinobesøk.

Det er første gang marknadsdelen har vore over 25 prosent, fortel Guttorm Petterson, administrerande direktør i Film & Kino, til NRK.

Publikum vil ha norske filmar

Den norske storsatsinga «Skjelvet» fekk rekordgode besøkstal i opningshelga og enda på ein andreplass på topplista i 2018.

På tredjeplass finn me den kritikarroste «Den 12. mann», og på fjerdeplass ligg familiefilmen «Månelyst i Flåklypa».

Fem norske filmar er på topp 15-lista.

– Både breie barnefilmar og filmar som er populære og vender seg til ei stor målgruppe, gjer at folk framleis går på kino for å sjå norske filmar, seier Jørgen Stensland, nestleiar i Norsk film og kino.

Abba på topp

«Mamma Mia! Here we go again!» ligg på ein solid førsteplass av dei mest besøkte kinofilmane i 2018, med heile 306.641 fleire besøkande enn fjorårets førsteplass.

Lily James

POPULÆR: På toppen av lista ligg «Mamma Mia! Here we go again». Ti år etter den første filmen svikta ikkje publikummet.

Foto: United International Pictures

PR-sjef Bård Flaen i filmdistributøren UIP er svært nøgd med tala.

– Det var veldig gøy å sjå at Mamma Mia-effekten slo til igjen, ti år etter førre film, seier Flaen.

Han meiner at ein av overraskingane for 2018 var dei gode kinotala på «Mission Impossible: Fallout».

– Me visste at filmen ville bli stor, men filmscenane frå Preikestolen bidrog til eit ekstra løft her heime.

Geografiske forskjellar

Bergen kino, den nest største kinoen i landet, har mista 1,6 prosent av kinogjengarane. Leiinga trur det skuldast den varme sommaren.

Elisabeth Halvorsen, kinodirektør i Bergen kino

KINODIREKTØR: Elisabeth Halvorsen i Bergen kino.

Foto: Ingvild Eide / NRK

Kinodirektør Elisabeth Halvorsen fortel at topplista hos dei er om lag heilt lik som den nasjonale. Med unnatak av «Månelyst i Flåklypa» og komedien «Norske byggeklosser».

– Den gjekk ikkje like godt heim hos vestlendingane som austpå. Eg trur det har litt med forskjellig humor i aust og vest å gjera.

Anders Baasmo Christiansen og Ine Jansen i Norske Byggeklosser

UJAMNT: «Norske byggeklosser» gjorde det godt på Austlandet, men har fått laber mottaking hos vestlendingane.

Foto: 74 Entertainment/Nordisk Film Distribusjon

Norske familiefilmar er ein vinnar

Også Halvorsen er glad for dei gode tala for norsk film.

– Det å ha to norske filmar blant dei tre mest sette, seier litt om populariteten til norsk film.

For 2019 tek ho fram «Amundsen» som ein potensiell norsk publikumsvinnar.

Totalt hadde kinoane i 2018 vel 12 millionar besøkande. Det er ein auke på tre prosent frå året før.