Norske ferjer bryt regel kvar einaste dag

Ferjeselskap som sel billettar manuelt om bord under overfarten, bryt reglane viss dei ikkje har talt alle passasjerar før avgang. Det slår Sjøfartsdirektoratet fast.

Ferje på Bjørnafjorden

SKAL HA KONTROLL PÅ PASSASJERTAL FØR FERJA GÅR FRÅ LAND: Innføring av autopass gjer dette vanskeleg.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Men Sjøfartsdirektoratet vedgår at dei ikkje har handheva kravet om å ha full oversikt over talet på passasjerar før ferja går frå kai.

– Reiarlaga har hatt litt slakk, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i direktoratet.

– Men utgangspunktet her er det som står i lovverket. Mannskapet skal ha kontroll på talet på passasjerar før dei går frå kai.

Dag Inge Aarhus

– KLARE REGLAR: Dag Inge Aarhus er kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Autopass fører til problem

Dei to store ferjesambanda mellom Stavanger og Bergen har fått Autopass-ordning.
NRK har tidlegare fortald at både Sjøfartsdirektoratet og passasjerar er usikre på om mannskapet i tilfelle ulukker har kontroll på talet på passasjerar om bord.

Fjord1 har allereie fått pålegg om innskjerpingar etter at direktoratet påviste avvik. Årsaka var at dei ikkje klarte å telja passasjerane korrekt.

– Ein skal ha kontroll på kor mange passasjerar og mannskap ein har om bord før ferja går ifrå kai, seier kommunikasjonssjef Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.

– Vi skal ha pålitelege tal på kor mange som er om bord når vi legg frå kai, seier òg administrerande direktør Torkild Torkildsen i Torghatten Nord.

Er det blitt vanskelegare å utføre dette no når Autopass vert innført fleire stader?

– Det blir jo meir utfordrande.

Torkild Torkildsen

SLÅR FAST AT MANNSKAPET SKAL HA KONTROLL: Torkild Torkildsen er administrerande direktør i Torghatten Nord.

Foto: Amalie Nygård Jakobsen / NRK

Har ikkje full kontroll

Men det er ikkje berre Autopass som gjer at kravet om å få oversikt over passasjerane før avgang, blir brote. Sjøfartsdirektoratet vedgår i dag at dei ikkje har full kontroll på om ferjer sel billettar manuelt om bord under overfarten.

– Det har vore vanskeleg for oss å seie om ferjene kan gå fem eller ti meter frå kai utan at det eksakte talet på passasjerar er på plass, seier Dag Inge Aarhus.

Ber folk følge med

Sjøfartsdirektoratet ber folk følge med. Om det vert selt billettar lenge etter at ferje har gått frå ynskjer Sjøfartsdirektoratet å bli informert.

– Då bør dei sende ei melding til oss så skal vi følgje det heile opp, seier kommunikasjonssjef Dag Inge Aarhus.

– Vi vil då gå inn å sjå om det dreier seg om brot på prosedyrar eller svikt i det som må kunne kallast for eit enkelttilfelle.