NRK Meny
Normal

Norske bedrifter ser lysare på framtida

Etter tre tunge år, er no også fleirtalet av bedriftsleiarane på Vestlandet i ferd med å bli optimistar. Heile Noreg ventar fleire tilsette i 2017. – Kjempepositivt, seier Nav.

Plattform i soloppgang

VENTAR AUKE I TALET PÅ TILSETTE: – Petroleumsindustrien framstår som svært positiv, seier Nav Hordaland-direktør Anne Kverneland Bogsnes.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Norske bedrifter ser lysare på framtida, etter tre år med stadig aukande pessimisme. Det viser Nav si bedriftsundersøking for 2017, som blir offentleg torsdag.

Bedrifter i Akershus, Troms og Trøndelag er dei som har størst forventningar til talet på tilsette om eit år. Lågast forventningar har bedriftene i Sogn og Fjordane, Vest-Agder og Hordaland.

– Noko av det som er mest gledeleg, er at forventningane i Rogaland har snudd frå å vere negative i 2016, til at bedriftene har positive forventningar til framtida i 2017, seier Anne Kverneland Bogsnes, fylkesdirektør i Nav Hordaland.

Hovudspørsmålet i undersøkinga er forventningar til talet på tilsette, der bedriftene svarar anten «færre», «like mange» eller «fleire».

Dei fylkesvise svara syner at det er venta auke i talet på tilsette i samtlege fylke i Noreg i 2017, og at bedriftene i 15 fylke har høgare forventningar i år enn i fjor.

Nav bedriftsundersøkelse 2017

HØGARE FORVENTNINGAR: Tala viser norske bedrifter sine forventningar til talet på tilsette om eitt år i dei ulike fylka i Noreg. Dette er hovudspørsmålet i Nav si bedriftsundersøking. Bedriftene svarar anten «færre», «like mange» eller «fleire». Tala er vekta slik at store bedrifter tel meir enn små.

Foto: Nav

– Eit solid hopp

Som Nav-sjef i eitt av fylka som er hardast råka av oljenedturen, har ho tidlegare gått ut og åtvara arbeidsledige om at dei kan miste dagpengane dersom dei ikkje er villige til å flytte dit jobbane er.

– Eg vil nok framleis oppfordre enkelte til å flytte, seier Bogsnes, som likevel er svært positiv til dei nasjonale tala i Navs bedriftsundersøking.

– Det er forsiktig optimisme og positive forventningar. Det er jo gledeleg å sjå at marknaden har snudd. Bedriftene på Vestlandet er litt mindre optimistiske enn resten, men heilskapsinntrykket er at medan forventningane har gått ned i tre år, gjer dei eit solid hopp i 2017. Det er kjempepositivt, seier Bogsnes.

Anne Kverneland Bogsnes

POSITIV: Anne Kverneland Bogsnes, Nav-direktør i Hordaland.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Behov for 3250 fleire tilsette

I Hordaland, der 931 bedrifter har svart på undersøkinga, viser tala at det vil vere behov for 3250 fleire tilsette i 2017 enn i 2016.

– Når vi ser at vi har kring 9000 ledige i fylket, er det klart at det er godt å få med seg, seier Bogsnes.

Ho fortel at bygg- og anleggsbransjen utmerker seg positivt når det gjeld behov for arbeidskraft, men at det også er gode signal å hente frå bedriftene i olje- og gass-sektoren i Hordaland, der 55 prosent av bedriftene ventar å ha fleire tilsette i 2017 enn i 2016.

– Det er veldig interessant å sjå at petroleumsindustrien framstår som svært positiv i dei svara bedriftene har gitt oss, seier Nav-sjefen.

– Med behovet bedriftene melder for arbeidskraft, kan du garantere at det blir færre arbeidsledige i Hordaland i løpet av 2017?

– Nokon garanti kan eg ikkje gi, men vi håpar jo, for vi har mange ledige innanfor dei kategoriane der bedriftene etterspør arbeidskraft.