Hopp til innhold

Norskbygd ferje forliste i Guineabukta: 100 menneske kan vera omkomne

Tre personar er omkomne og nærare 100 skal vera sakna etter at ferja MF «Austrheim» kantra søndag kveld, ifølge kamerunske myndigheiter.

Norskbygd ferje forliste i Guineabukta

KANTRA: Ferja «Austrheim» kantra då ho var på veg frå Nigeria til Kamerun. 107 av dei 200 passasjerane vart redda.

Foto: FOTO: HONNEUR ET FIDÉLITÉ - ARMÉE CAMEROUNAISE

Ferja MF «Austrheim» med meir enn 200 passasjerar om bord kantra og forliste sundag kveld i Guineabukta på veg frå Calabar i Nigeria til Kamerun, truleg til hamnebyen Douala.

– Skipet var truleg overlasta, seier ein person til nettstaden The Nation.

The Nation var måndag på terminalen som ferja gjekk frå i Calabar i Nigeria. Her var dei i kontakt med personen som ønsker å vera anonym, men som bekrefta at ferja gjekk ned.

Tre personar vart funne døde og 107 personar er redda, opplyser kamerunske myndigheiter.

Ifølge tenesta Marine Traffic forlét ferja Calabar klokka 11.45 lokal tid sundag.

Elitekorpset Rapid Intervention Battalion (BIR) frå Kamerun greip inn etter kort tid og fekk redda 107 av passasjerane som var om bord i ferja. Det er ikkje kjend kva som har skjedd med dei andre passasjerane.

Laster Twitter-innhold
Redningsaksjon på ferja Austrheim utanfor Kamerun

REDNING: Det var truleg vêrhardt då ferja kantra. Elitekorpset Rapid Intervention Battalion fekk redda 107. Nærare 100 menneske kan vera sakna.

Foto: HONNEUR ET FIDÉLITÉ - ARMÉE CAMEROUNAISE

Tidlegare vestlandsferje

MF «Austrheim» er ei tidlegare fjordferje bygd som MF «Finnøy» for Det Stavangerske Dampskipsselskap i 1971. Fotograf og forfattar Harald Sætre har skrive fleire bøker om rutebåtar og ferjer knytt til Hardanger og Sunnhordland.

Han fortel at ferja i mange år gjekk i Rogaland. Den blei seinare overtatt av HSD Sjø AS og fekk då namnet MF «Austrheim». Den gjekk i fleire samband i Hordaland fram til 2012, før den i februar same år blei seld til utlandet.

MF Austrheim

HORDALAND: – Her i Hordaland blei MF «Austrheim» brukt som avløysar på mellom anna dei vêrharde strekningane som Fedje-Sævrøy og Langevåg-Buavåg, fortel Harald Sætre.

Foto: Harald Sætre