NRK Meny
Normal

Norsk sommarskisenter inngår samarbeid med alpinanlegg i Alpane

Skianlegget på Noregs tredje største isbre, vil trekka til seg fleire av verdas største ski- og snøbrettstjerner gjennom samarbeid med eit skianlegg i Tirol.

Folgefonna sommarskisenter nedsnødd i mars

NEDSNØDD: Fonna Glacier Ski Resort har sjeldan mangel på snø ved opningstid. Sommarskisenteret held ope mellom april og september, då anlegga lengre sør på kontinentet manglar snø.

Foto: VistiFonna

Norges tredje største fastlandsbre, Folgefonna i Hordaland, er treningsarena for fleire av dei store alpinnasjonane i sommarhalvåret. No inngår skianlegget på 1200 meters høgd ein partnarskapsavtale med det austerrikske isbre-anlegget Kaunertal Gletscher, lokalisert i Sør-Tirol.

Kaunertal er ein av fem isbrear i området, som alle ligg over 3.000 meter over havet.

– Kaunertal er eit av verdas fremste isbre-baserte skianlegg. Me trekker til seg oss dei same kundegruppene, men med overlappande sesongar. Det er dette me gjennom samarbeid ynskjer å utvikla vidare, seier Andreas Skogsheth, dagleg leiar ved Fonna Glacier Ski Resort.

Fonna Glacier Ski Resort inngår samarbeid med Kaunertal Gletscher

AVTALE: Andreas Skogseth (andre frå venstre) kom tilbake frå Austerrike denne veka. Med seg i kofferten har han ein samarbeidsavtale med eitt av dei største isbreanlegga i verda.

Foto: Patrick Bock

Konkurrerer om dei same kundane – på ulik årstid

Det norsk-tyrolske samarbeidet t skal betre leggja til rette for internasjonal ski- og snøbrettutøvarar som treng ein treningsarena heile året. I dag må alpinlandslag og snøbrett- og freestyleutøvarar reisa langt, ofte til andre kontinent, for å få stabile og gode forhold å trena på.

Sesongopningstidene ved dei to anlegga vil gjera samarbeidet til eit produktivt partnarskap, trur Skogsheth. Utøvarar kan trena på Kaunertal frå september til mai, medan breen mellom Hardanger og Sunnhordland har gode skiforhold frå mai til august.

– Eit økologisk samarbeid

Administrerande direktør Eugen Larcher i Kaunertal Glacier omtalar partnarskapet som eit økologisk samarbeid.

Aksel Lund Svindal

COMEBACK: Aksel Lund Svindal gjorde comeback etter kneoperasjonen i sommar. Den første skituren på mange månader gjekk føre seg på Folgefonna.

Foto: Anders Rove Bentsen / NRK

– I sommarmånadene er det ofte svært forskjellige skiforhold i skianlegga som ligg nærare ekvator. Kaunertalbreen og Folgefonna tilbyr ei stabil treningsatmosfære nesten året rundt. Dette sparer skilaga lange reiser, jetlag og kostnader, så dette er også eit økologisk samarbeid, seier Larcher til den austerrikske nettstaden Meinbezirk.

– Fordelen med oss er at me vil kunne tilby kundane god plass og trena i stabile skiforhold etter. Dei overtar stafettpinnen rett etter me stenger, så i grunn er det ideelt.

Også det norske landslaget har trent på den austerrikske breen fleire gongar: For tre år sidan bidrog forholda i Austerrike til at oppkøyringa blei ein av dei verste på mange år.

Landslaget er også fast inventar på Folgefonna. I sommar gjorde Aksel Lund Svindal eit forsiktig comeback etter kneoperasjonen då han og resten av alpinlandslaget trente på Folgefonna.

Folgefonnavegen mars 2017

NEDSNØDD: I løpet av ein vinter kan brøytemannskap på vegen frå Hardangerfjorden og opp til skianlegget vera nøydd til å måka unna 15 meter med snø.

Foto: VisitFonna

Håpar kontinentet opnar auga for Noreg

I framtida håpar Skogseth på ein jamn straum av alpin- og snøbrettstjerne. Målet er at samarbeidet med austerrikarane skal opna europeiske landslag sine auge for moglegheitene i Norge.

– På ein dag kan senteret ha opp til hundre alpinlandslag som trenar. Dei fleste er frå Mellom-Europa. Ein ting er at me håpar å utveksla kundar, me er begge innstilte på å legga til rette for aktive utøvarar, så me deler den same filosofien.

Likskapane mellom anlegga er mange, meiner Larcher. Det gjorde avgjerda om eit samarbeid enkel.

– Begge stader kan alt utstyr transporterast direkte til anlegget og både her og på Folgefonna er aktørane godt nok organiserte til å kunna ta mot store lag.

Laster kart, vennligst vent...

TIROL: Kaunertal ligg i området Tirol sør i Austerrike, tett på grensa til Italia.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.