Hopp til innhold

Norsk rekord på kino i haust

Meir enn seks av ti selde kinobillettar i september var til norske filmar. Aldri før har talet vore så høgt.

Karsten og Petra på safari

I VINDEN: Norsk film er populært for tida. Her er bilde frå filmen Karsten og Petra som har hatt over 160 000 besøk sidan premieren 4. september.

Foto: SF Norge AS

62,7 prosent av kinobesøket i september var på norske filmar. Ein så høg norskdel i løpet av ein kalendermånad er ny rekord.

På toppen ruvar sjølvsagt haustens store kinosnakkis, Bølgen (les anmeldelsen her). Katastrofedramaet skildrar hendingane etter at Åkneset fell i vatnet og lagar ei flodbølge som omtrent utslettar turistperla Geiranger i Møre og Romsdal.

Filmen fekk heile 526.676 besøk førre månad, men er langt ifrå den einaste vestlandsfilmen som drar folk inn i kinosalen.

– Vi er inne i ein god periode no. Det finst gode historier her, som blir fortalde av gode forteljarar. Det har også vore arbeidd med å legge til rette for eit levande filmmiljø over lang tid, seier Lars Marøy i det regionale filmfondet Fuzz.

Bølgen

SKYL OVER NOREG: Giga-suksessen Bølgen har hatt over 715.000 besøk på norske kinoar så langt i år, og er den mest sette av dei norske filmane.

Foto: Fantefilm Fiksjon

Overvekt av bergensarar

For det er ikkje berre tematisk filmane krinsar rundt Vestlandet. Månadens nest mest sette film, «Karsten og Petra på Safari» (les anmeldelsen her), er laga av den bergenske produsenten Silje Hopland Eik. Også regissør Arne Lindtner Næss er frå "byen under skyen".

– Vi er kjempeglade for at så mange vil sjå Karsten og Petra. Det synest vi er heilt fantastisk, seier Hopland Eik.

Filmen har sidan premiera 4. september hatt 163.703 besøk.

Ti mest sette norske filmer i 2015 per 4. oktober

Film

Besøk

Premiere

Bølgen

715157

42244

Karsten og Petra på safari

209910

42251

Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin

102228

42272

Staying Alive

82182

42020

Kvinner i for store herreskjorter

22424

42069

Pøbler

13631

42237

Operasjon Arktis

12710

41929

Wendyeffekten

11721

42258

Brødre

10965

42083

De nærmeste

8911

42090

Ekspander/minimer faktaboks
Smilende kvinne med en bukett blomster i armene

HÅPEFULL: Produsent Silje Hopland Eik håpar filmmiljøet i vest blomstrar.

Foto: Tonje Bergmo / NRK

Bergensarane dominerer bak kamera

Også nummer tre på Film & Kino si mest populære norske filmar i september er "bergensk".

I «Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin» (les anmeldelsen her) er nemleg heile handlinga lagt til Bergen. I tillegg er den skrive av den bergenske manusforfattaren Thomas Moldestad, og delfinansiert av det regionale filmfondet Fuzz i Bergen.

– Vi er veldig glade for at det skjer mykje på Vestlandet og at det er eit miljø som utviklar seg. Det er kjempeviktig for oss, så eg håpar verkeleg at dette blir ei langvarig bølgje, seier Hopland Eik.

Det er litt over ei veke sidan premiera på Knutsen & Ludvigsen. Over 60.000 har sett den så langt.

Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin

I BERGEN: Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin finn stad i Bergen.

Foto: Norsk Filmdistribusjon

Fleire store vestlandsfilmar i haust

Det er gode sjansar for at Vestlandet vil vere framståande i norsk film også resten av året. Denne veka har den allereie kritikarroste skrekkfilmen Villmark II premiere.

– Det er knapt nokon som ikkje skarrar i den produksjonen, ler Marøy.

Ikkje nok med det, handlinga går føre seg også på det nedlagde Lyster sanatorium på Harastølen i Sogn.

Ti mest sette filmer totalt i 2015 per 4. oktober

Film

Besøk

Premiere

Bølgen

715157

42244

Minions

448016

42188

Fast & Furious 7

422974

42095

Jurassic World

410804

42167

Fifty Shades of Grey

321515

42048

The Imitation Game

263792

41998

Innsiden Ut

250151

42237

Avengers: Age of Ultron

240671

42116

Hjem

225384

42083

Karsten og Petra på safari

209910

42251

Ekspander/minimer faktaboks