Hopp til innhold

Norsk mann (47) overførte 722.000 kroner til utlandet – skal stå bak overgrep mot 61 barn

BERGEN TINGRETT (NRK): Den tidlegare Ap-politikaren skal vere skuld i at fleire titals filippinske barn heilt ned i spedbarnsalder er utsett for overgrep. Då den svært omfattande rettssaka starta torsdag, nekta 47-åringen straffskuld 178 gongar.

Magne Sylta

OMFATTANDE: Aktor Magne Kvamme Sylta (t.v.) i samtale med tiltales forsvarar Torbjørn Sognefest.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Kledd i blå skjorte og blå bukse, møtte den tiltalte 47-åringen i Bergen tingrett torsdag.

Mannen var politikar for Arbeidarpartiet i eit kommunestyre i Hordaland, då han hausten 2016 vart arrestert og sikta i forbindelse med etterforskingskomplekset «Dark Room» i Vest politidistrikt.

– Instruerte og bestilte

Tiltalen mot han er svært omfattande, og også av svært grov karakter. Mannen er tiltalt for å ha bestilt og betalt for over 150 overgrep og valdtekter av barn, direkteoverført frå Filippinane til hans heim i Noreg.

I tiltalen er det totalt snakk om kring 170 jenter og gutar, mange i svært ung alder. Nokre av overgrepa som mannen er tiltalt for å ha bestilt og fått direkteoverført, gjeld barn i spedbarnsalder.

Aktor Magne Kvamme Sylta og politiadvokat Janne Heltne brukte nær to timar på å lese opp den 23 sider lange tiltalen i tingretten.

Den tiltalte mannen svara nei 178 gonger på spørsmål om straffskuld for bestilling av direkteoverførte overgrep mot barn på Filippinane.

Storskjerm i Bergen tingrett, under saken mot tiltalt 47-åring i Dark Room

SKJERM: I rettssal V1 i Bergen tingrett er det plassert ein skjerm, der det skal spelast av avhøyr, mellom anna av eit filippinsk barn. Til høgre bistandsadvokat Einar Drægebø.

Foto: Jon Bolstad / NRK

191.000 chattemeldingar

Deretter erkjente han straffskuld og innrømma 15 tilfelle av nettprat med andre nordmenn, der han har delt overgrepsbilde av barn og snakka om å gjennomføre overgrep mot barn.

Han erkjenner straffskuld mellom anna for å ha:

  • spurt ein anna Skype-brukar om han kjenner ein «11-12 åring» som vil ha samleie med han.
  • ytra ønske om å ha seksuell omgang med to mindreårige døtrer av ein annan nordmann på Skype. Det var denne kontakten som sette politiet på sporet 47-åringen gjennom Dark Room-etterforskinga.
  • tilbydd ei jente, som gav seg ut for å vere 16 år på Skype, 5000 kroner og flybillettar til Bergen for å «ta jomfrudommen hennar»

Aktor Magne Kvamme Sylta viste fram kva politiet tok beslag i av datamaskiner og mobiltelefonar då mannen vart arrestert i oktober 2016.

Politiet har samla inn og har oversikt over totalt 66.000 meldingar som 47-åringen har sendt og mottatt på Skype frå 2011 til 2016.

Også på Yahoo-messenger har mannen vore aktiv. Her har politiet tatt beslag i over 125.000 meldingar.

– Har overført over 700.000 kroner

Når det gjeld tiltalepunkta som omfattar direktesende overgrep frå Filippinane, meiner påtalemakta at 47-åringen har instruert vaksne til å utføre overgrepa mot barna, eller fått barna til å utføre handlingane mot seg sjølv eller andre barn.

Før, under eller etter overgrepa, har mannen overført pengar som betaling, ifølge tiltalen.

I fleire av tilfella er det snakk om barn som anten er søsken, eller døtrer og søner til dei vaksne som utfører overgrepa.

I tillegg til chatteloggane, har politiet oversikt over mannen sine pengeoverføringar til utlandet, som dei knyter til overgrepa.

Totalt er det snakk om vel 722.000 kroner i overføringar via tenester som PayPal og Western Union, mellom 2011 og 2016, ifølgje bevisa aktor Sylta la fram i retten.

Janne Ringset Heltne

– BARN BLEI REDDA: – Det er gjennomført ein aksjon på Filippinane på bakgrunn av funn i vår sak, der fornærma barn blei redda ut og mora til barna fengsla, har politiadvokat Janne Ringset Heltne i Dark Room tidlegare fortalt NRK.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Nektar straffskuld

Sidan mannen skal ha betalt for overgrepa, er det også tatt ut tiltale for grov menneskehandel.

47-åringen nektar straffskuld både for det, og dei over 150 direktesende overgrepa som han er tiltalt for å ha bestilt og instruert.

Forsvarar Jannicke Keller-Fløystad meiner påtalemakta ikkje har gode nok bevis, og at chatteloggane berre viser fantasiar.

– Den delen av tiltalen bygger berre på chatteloggar og pengeoverføringar. Ingen barn er blitt avhøyrt, sett bort frå eitt barn. Det er første gang eg ser det blir tatt ut ein tiltale om dette basert på chatteloggar og pengeoverføringar. I andre liknande saker har ein fleire avhøyr av barn og videoar å bygge på, seier Keller-Fløystad.

Men 47-åringen erkjente i retten i dag at han fleire gonger har blotta seg og onanert framfor filippinske barn under 16 år, via webkamera.

61 filippinske barn er ifølge tiltalen utsett for overgrep og valdtekter. I tillegg meiner påtalemakta at mannen har betalt for å sjå overgrep mot over 90 barn, der handlingane av ulike årsaker ikkje er blitt gjennomført.

Overgrepsoffer på institusjon – mora i fengsel

Bistandsadvokat Einar Drægebø bistår to filippinske søsken på tre og seks år. Den yngste var eit spedbarn då overgrepa som er skildra i tiltalen skal ha skjedd. Ifølge tiltalen har den norske 47-åringen instruert og betalt for at mora til søskena gjennomførte overgrep mot dei.

Drægebø fortel til NRK at han reiste til Filippinane hausten 2017, der det vart gjennomført avhøyr av det eldste barnet.

– Barna er plasserte på institusjon, medan mora er fengsla av filippinske styresmakter i forbindelse med denne saka. Eit opptak med avhøyr av jenta vil bli spelt av i retten, seier Drægebø.

Torsdag ettermiddag starta den tiltalte sin frie forklaring. Han kom ikkje lenger enn å fortelja om oppveksten og ulike utfordringar han har hatt, før retten vart heva. Han held fram forklaringa si fredag.