Hopp til innhold

– Rikard Norling har fått sparken

Styret i Brann skulle eigentleg møtast i morgon, men møtet vart flytta til i kveld. Ifølge fleire kjelder er Rikard Norling sin tid som trenar i klubben no over.

Norling

FERDIG: Ifølge fleire kjelder NRK har vore i kontakt med er Rikard Norling si tid som Brann-trenar over.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport.no

Det er Bergensavisen som først melder på sine nettsider i kveld at Rikard Norling har fått sparken. Også kjelder som Bergens Tidende har vore i kontakt med i dag seier at svenskens tid på Brann Stadion er over.

Styremøtet i klubben skulle eigentleg vera i morgon tidleg, men vart flytta fram til i kveld.

Også kjelder NRK har vore i kontakt med fortel at både Rikard Norling og assistenttrenar Simon Hollyhead har fått beskjed om at dei er ferdig i klubben.

BT skriv at fungerande sportssjef Rune Soltvedt, dagleg leiar, Vibeke Johannesen og mediesjef Gorm Nattlandsmyr også er på plass på Stadion.

SJÅ DIREKTE FRÅ BRANN STADION NO:

pressekonferanse fra Brann stadion

– Eg trur eg er ferdig

Styremøte på Brann Stadion i kveld

STYREMØTE: Styret i Brann er i kveld samla på Brann Stadion for å avgjere framtida til trenar Rikard Norling.

Foto: Eivind Pettersen / NRK

Nattlandsmyr seier til NRK at styreleiar Eivind Lunde vil orientere pressen seinare i kveld.

Brann gjekk på ein solid smell mot Levanger i går kveld og etter 4–1 tapet har mange meint at drastiske tiltak må til i klubben.

Etter nedrykket frå eliteserien har klubben kun klart å ta 14 poeng på ti kampar i førstedivisjon. Brann ligg på niande plass med eit veksande gap opp til klubbane som kjempar om opprykk.

Då laget landa på Flesland i føremiddag møtte Norling eit samla pressekorps.

– Det er mykje som tyder på at det blir slik at eg ikkje kan halda fram, sa Norling då.

– Hauge tek over mellombels

Bergenspressen er godt representert utanfor Brann Stadion i kveld. Alle ventar på bekreftelsen om at Rikard Norling no er ferdig i klubben. Ein av dei er sportsjournalist Tormod Bergersen i Bergensavisen.

Han har følgt klubben svært tett i fleire år. Bergersen meiner det ikkje er noko bombe at Norling må gå.

– Vi har fått bekreftelsar på at både Norling og Hollyhead er ferdige. Etter våre opplysningar tek assistenttrenar Robert Hauge over mellombels inntil vidare.

– No må styret setja seg ned å finna ein skikkeleg løysing. Dei må starta prosessen med å finna ny trenar med ein gong, legg Bergersen til.