Hopp til innhold

Norling om Bruun-Hanssens avgang: – Tungt

BRANN STADION (NRK.no): Rikard Norling møtte pressa for første gong etter dagleg leiar Roald Bruun-Hanssen sin avgang. Sjølv er han glad for fornya tillit hjå Brann-styret.

Rikard Norling i møte med pressen etter Bruun-Hanssens avgang

– DET HAR VORE TUNGT: Rikard Norling møtte pressa for første gong etter krisemøtet i Brann måndag kveld.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Rikard Norling og Roald Bruun-Hanssen

NORLING OG BRUUN-HANSSEN: Her under pressekonferansen då Norling vart presentert som ny trenar.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Det har vore mykje kjensler. Roald er ein god ven og har vore ein dyktig kollega. For meg har det vore tungt, seier den svenske trenaren til NRK tysdag kveld.

Det er første gang han snakkar med pressen etter gårsdagens ekstraordinære styremøte i Brann. Møtet varte i 13,5 time og enda med fornya tillit til svensken.

Etter møtet vart det klart at dagleg leiar Roald Bruun Hanssen trekte seg frå stillinga. Bruun-Hanssen var viktig for at Norling for litt over eitt år sidan takka ja til stillinga som hovudtrenar i Brann.

– Eg snakka med han i dag tidleg. Eg har levd og jobba tett med han i eitt år og treivst godt med han. Men Roald har heile tida tatt avgjerder som han trur er best for klubben og sett seg sjølv og sine interesser til sides. Det gjer han også no.

Rikard Norling

SJÅ VIDEO: Norling møtte NRK på Brann stadion ikveld.

Norling tek sjølvkritikk

Etter nedrykket for snart to veker sidan har det blitt gjort omfattande evalueringsarbeid i Brann. Styremøtet i går konkluderte med at Norling får tommelen opp og held fram som Brann sin hovudtrenar i 1. divisjon neste år.

Norling sjølv er fast bestemt på å ta Brann opp igjen til eliteserien. Han meiner han er rett mann.

– Ja, elles ville eg ikkje stått her. Om eg hadde kjent ein minste tvil om alt arbeidet som ligg på mine skuldrer så ville eg ikkje vurdert å halda fram. Eg tek ansvaret og vil gjera jobben som skal til slik at me kjem tilbake til eliteserien, seier ein tydeleg Norling.

– Er det noko du vil gjera annleis?

– Ja det er det faktisk. Eg har lært meg mykje. Ambisjonen når eg kom her var å bli ein bra trenar, og eg har ikkje vore så god som eg burde. No har eg fått ein sjanse, og eg vil visa kva eg har lært.

Glad for styrking av støtteapparat

Brann-styret vedtok også å styrke apparatet rundt den svenske trenaren. Det skal opprettast og lysast ut stilling som sportssjef, samt at klubben hentar inn ein speidar som skal hjelpe til på overgangsmarknaden og sørge for at Brann hentar dei riktige spelarane.

– Det er viktig. Det blir eit hol etter Roald no og det må vi dekke til så hurtigt som mogleg. Kan vi få plass ein speidar også, så er det rett veg å gå.