Her er Norges første pedaldrivne sykkel

– Eg får frysningar, seier Sveio-ordføraren om klenodiet som er henta heim igjen etter 100 år.

Norges første pedaldrevne sykkel tilbake i Sveio

Bjørn Arve Lunde syner fram den pedaldrivne sykkelen som var langt forut for sin tid i Noreg på 1860-talet. Elevar frå Valestrand oppvekstsenter følgjer spent med.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Norges første pedaldrivne sykkel vart truleg smidd på 1860-talet i Stavanger av smeden Hans Jakob Bentzen Olsen.

Olsen var kreativ og langt forut for si tid, då han sette i hop sykkelen. Det var på 1860-talet at det vart tatt patent på denne type sykkel, og Olsen såg truleg ein slik då han var på studiereise i Tyskland.

Den unge smeden vaks opp på freda Einstabøvoll gard i Sveio, og han vakte nok stor oppsikt då han kom tråkkande på sykkelen på kongevegen heim til farsgarden. Noko slikt hadde nok sunnhordlendingane aldri sett før.

I over 100 år har den historiske tohjulingen vore utstilt på Sunnhordland folkemuseum, men no har Sveio-ordføraren tatt grep og fått sykkelen heim igjen.

– Frysningar

– Det er veldig spesielt å sjå. Eg får frysningar, seier Jorunn Skåden (Ap) om å få sykkelen tilbake på garden.

For sykkelen vart verande i bygda og var sist i bruk av postmannen, før Sunnhordland museum kjøpte sykkelen i 1914.

– Det er viktig å løfte fram dei skattane me har. Det var ideen med å ta sykkelen ut av museet og inn igjen på garden her, seier Skåden.

Noregs første pedaldrevne sykkel

Hans Jakob Bentzen Olsen frå Sveio såg truleg ein slik sykkel då han var på studiereise i Tyskland på 1860-talet. Heime i Noreg igjen smidde han i hop det som truleg var landets første i sitt slag.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Ønsker å lage ein kopi

Hennar plan er no å få laga ein kopi som kan stå permanent på garden. Ordføraren vil dyrka historia om Olsen og håpar sykkelen kan skapa blest om Sveio.

– Det er så masse å ta tak i ein kommune, men det å stadig bringa fram gode historier er viktig og det er god marknadsføring.

Då NRK vitja gardstunet i går, var det fleire interesserte elevar og barnehageungar frå Valestrand oppvekstsenter som var møtt fram.

«Tøft» og «kult» var ord som gjekk igjen i tilbakemeldingane frå dei yngste. Både ordføraren og Bjørn Arve Lunde frå Sunnhordland Museum var nøgde med responsen.

Sistnemnde har sjølv alltid vore fascinert av historia kring den pedaldrivne sykkelen, og håpar den unge sveibuen lar seg inspirera.

– Det er veldig gøy, og måtte dei bli inspirert til å finna på eigne ting. Når det er oppfunne ting i Sveio før, kvifor skulle det ikkje skje igjen?, smiler Lunde.

Stor interesse for pedaldreven sykkel
Foto: Marte Rommetveit / NRK

Siste video

Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.
Overvåkningsbilder viser hvordan en bilist kjørte inn inngangen på Fløibanen i Bergen.