Langs den populære backpackergata Khao San Road i Bangkok kan forbipasserande dagleg sjå ei noko utradisjonell kyrkje putre forbi.
Det er sjømannskyrkja som står bak fartøyet dei kallar «mopedkyrkje», ein mobil møteplass der unge norske backpackarar kan treffe kyrkja for ein prat.
– Frå mopedkyrkja kan me informere om vårt arbeid dersom det skulle skje uventa ting, det kan vere sjukdom, ulukker eller naturkatastrofar. Folk kan gå dit når dei har behov for å snakke med nokon, seier Linn Mevold Skogheim i Sjømannskirken.
I forbindelse med 150 årsfeiringa i Bergen no i helga lanserer Sjømannskyrkja ein kopi, som så vidt dei veit blir Noregs fyrste mopedkyrkje.
– Sikkert nokon som lettar på eit augebryn
I Thailand er moped eit av dei mest vanlege framkomstmidla.
– For eksempel er det veldig vanleg med mobile suppekjøken. Me lét oss inspirere av det og fekk laga vår eiga mobile kyrkje, fortel Skogheim.
– Me skal ikkje halde gudstenester der i tradisjonell forstand. Men vil nokon snakke om dei store tinga som Gud eller livet er me sjølvsagt der for dei.
Mopedkyrkja er tilpassa bergenske forhold, men har ikkje køyreløyve langs vegen. Det vil likevel vere mogleg å sjå den i farta på Festplassen i Bergen i helga. Der kan ein sjå det som truleg er Noregs fyrste mopedkyrkje mellom klokka 11–15 laurdag.
Mopedkyrkja skal seinare stå ved inngangen til Bergens Sjøfartsmuseum til den historiske utstillinga om Sjømannskirken som vert opna av H.M. Kongen søndag 31. august.
I dag kan du høyre generalsekretær i Sjømannskirken Jan Olav Johannessen fortelje meir om den nye mopedkyrkja på Morgon med NRK Hordaland.