NRK Meny
Normal

Noregs første offentlege smedutdanning må på elevjakt

Odda jobba i fire år for å få opna Noregs første offentlege smedutdanning. Men førebels har berre fire elevar tatt plass i den freda Oddasmia.

Fire elevar får opplæring i smedfaget i Odda det neste året.

LITEN GJENG: Her er tre av dei fire gutane som har starta på smedlinja i Odda denne hausten.

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Fire elevar får opplæring i smedfaget i Odda det neste året, etter at utdanninga opna denne veka. Utdanninga er den einaste i landet, ved sidan av den private smedutdanninga på Hjerleid ved Dombås.

Opplæringa skjer inne i den freda Oddasmia – landets største industrismie.

Jørgen Staal

STAAL-SMED: Jørgen Staal er fornøgd med å ha valt smedlinja som utdanningsveg. Med høg snittalder på smedane i Norge, står han klar til å ta over jobbane.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Eg heldt på med dette i arbeidsveka, syntest det var veldig gøy, og fann ut at dette hadde eg lyst å driva på med vidare, seier Jørgen, ein av elevane, med det passande etternamnet Staal.

Han seier arbeidet er hardt, med givande.

– Det er hardt arbeid, men fritt og kreativt, og ein får veldig meistringskjensle når ein klarer å laga noko.

– Endeleg på plass

Rektor ved Odda vidaregåande skule, Øyvind Bjørkevoll, er svært glad for endeleg å ha fått smedlinja på plass.

– Det er veldig stas at me har fått dette i gong. Dette er eit gammalt nisjeyrke som me no prøver å halda i hevd, seier Bjørkevoll.

Gjennomsnittsalderen på dagens smedar er 60 år.

– Det er viktig å få ned snittalderen litt, seier elev Jørgen Staal.

Han er altså ein av berre fire elevar som har starta smedutdanninga, som også består av læretid før ein får fagbrev.

– Me skulle gjerne vore fleire. Me får håpa at ryktet går om at dette er ein fin plass å vera, seier rektor Bjørkevoll.

– Trua handverksfag

John Opdal

ORDFØRAR: John Opdal.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ordførar i Odda, John Opdal, seier det har tatt tid å fått linja på plass.

– Det tok fire år før me klarte å realisere det. Men no er me veldig glade. Dette er ein god aktivitet i eit freda bygg, og så får me tatt vare på eit handverksfag som er trua. At elevar er interessert i å jobba med dette faget, er veldig bra, meiner Opdal.

LES OGSÅ: Smed-elever lager jernroser til 22. juli-monument

Siste video

I kveldens sending kan du se at både Arbeiderpartiet og Høyre frir til Vestlandet i sin søken etter regjeringsmakt etter stortingsvalget i september,
Sambuarparet Anders Dalland og Irene Danielsen gjer alt for at kyrne skal trivast.
Se opptak av Vestlandsrevyen mandag