Hopp til innhold

Noregs eldste museum opnar att etter seks år – og stiller ut ein einhjørning

NYGÅRDSHØYDEN (NRK): I ei tid med «fake news» og vitskapsfornekting markerer Universitetsmuseet i Bergen si etterlengta opning med å invitere til diskusjon om alternative sanningar.

– Det er jo typisk at no når me har så dårleg tid, får me inn ein einhjørning som ser så pjuskete ut!

Konservator Christina Holmefjord sukkar, der ho står og fiksar det kvite dyrehovudet som manglar den karakteristiske, mangefarga manen.

Det er berre få dagar til landets eldste museumsbygg gjenopnar etter seks års oppussing.

– Men hornet ser heldigvis bra ut. Einhjørningar har ofte sprokne horn.

– Er det spesielle utfordringar med å restaurera ein einhjørning?

– Nei, eigentleg ikkje. Som med alle dyr, gjeld det å få den til å stå fram som representativ for arten sin.

Denne einhjørningen får ei spesiell rolle når museet opnar dørene 14. oktober. Meir om den seinare.

Naturhistorisk museum i Bergen åpner igjen

Ein stor flokk ulike utstoppa fuglar i det sentrale trappetårnet

Ametyst i krystallutstilling ved Universitetsmuseet i Bergen

Ametyst i utstillinga om krystallvekst

Kvit rypeflokk sett gjennom ei dinosaurforma ramme

Rypeflokk sett gjennom ei dinosaurforma ramme

Utstoppa raudrev-unge på Universitetsmuseet i Bergen

Raudrev-unge med kvite fjellrevar i bakgrunnen

Undring og uhygge

For mange generasjonar born – og vaksne – har «Dyremuseet» i Bergen vore ein stad for skrekkblanda fryd.

I hovudtrappa stod glisande skjelett av ei kvinne og ein mann. Dei dunkle salane hadde merkelege og skremmande utstoppa dyr og fuglar frå heile verda. I taket hang enorme skjelett av kvalar, opptil 20 meter lange. I glasbehaldarar låg ekle eksemplar av insekt, slangar og andre dyr flytande i formalin.

Kort sagt: eit svært bygg fullt av undring, fascinasjon, læring og uhygge.

Menneskeskjelett

Er det god forskingsetikk å stilla ut skjelett av menneske? spør Universitetsmuseet

Dyr flytande i formalin

Ein slimål flytande i formalin, med Fridtjof Nansens signatur på glaset

Naturhistorisk museum åpner igjen i Bergen

Ein ulv har felt ein elgkalv og forsvarar byttet sitt

Eit øydelagd papegøyeskjelett og ei pjuskete and på Universitetsmuseet i Bergen

Ikkje alle får plass i det nyoppussa museet. Eit øydelagd papegøyeskjelettet ser litt deppa ut

Sidan stenginga i 2013 er det ein heil liten generasjon smårollingar som ikkje veit kva dei har gått glipp av. Men måndag opnar dørene omsider for publikum att.

Det staselege bygget er frå 1865. På folkemunne heiter det framleis «Naturhistorisk museum». Formelt er namnet no «Universitetsmuseet – Naturhistorie».

Universitetsmuseet i Bergen, De naturhistoriske samlingene

LANDETS ELDSTE: Bygget med dei naturhistoriske samlingane i Bergen opna i 1865. Det har no vore stengt for oppussing sidan 2013.

Foto: Therese Pisani

Freda stemning

NRK får ein rundtur i museet medan handverkarar og forskarar jobbar intenst i den kaotiske innspurten. Litt måling her, lyssetjing der, bæring og montering overalt.

– Me gler oss veldig til endeleg å få visa det fram, seier Kari K. Årrestad som leiar museet si formidlingsavdeling.

Sjølve bygget er totalrenovert og restaurert, og alle utstillingane er anten modernisert eller heilt nye. Men mykje verkar framleis ganske likt.

– Austfløya med dei svære glasmontrane og kvalskjeletta som heng ned frå taket, er freda. Faktisk har Riksantikvaren også freda sjølve stemninga her.

– Kva betyr det?

– At kjensla av å gå her skal vera som før. Interiøret er det same, sjølv om utstillingane er litt endra.

Kvalskjelett i taket

Under dei velkjende, enorme kvalskjeletta i taket lyttar formidlingsleiar Kari Årrestad til opptak av kvalsong

Freda dyr

I den freda austfløyen er stemninga bevart, sjølv om innhaldet i montrane er organisert meir tematisk enn før oppussinga

 Alle frittlevande slangar i Noreg er freda

Alle frittlevande slangar i Noreg er freda

Frå kaos til tema

Noko som tidlegare særprega austfløya, var inntrykket av at dyr, insekt, fuglar og planter var plassert tilsynelatande tilfeldig og kaotisk rundt.

– Store utstoppa dyr stod i samla flokk der det var plass til store dyr. No har me laga meir tematiske utstillingar, med tema som til dømes dvale, frøspreiing og evolusjon, seier Årrestad.

Kvalskjeletta har fått selskap av skjelettet til den vidgjetne plastkvalen som vart funne ved Ågotnes. Og all plasten dei fann i magesekken hans, skal stå i skapet ved sida av.

– Det kallar me «faenskapet». Det er så mange problem me blir nøydde til å løysa for å få reinare hav og for at nye generasjonar skal få det like godt som me har hatt det.

Fuglar og egg

Plynding av reir til truga fugleartar er internasjonalt ein omfattande miljøkriminalitet, men samlinga til Universitetsmuseet er lovleg.

Skjeletta blir samla

Dei velkjende kvalskjeletta i taket har fått selskap av skjelettet til «plastkvalen» frå Øygarden i det blå skapet under

Rødreven tek eit bytte

Raudrevar som angrip ein lemen eller snusar på eit piggsvin, med fjellrevar i bakgrunnen

Hemmeleg overrasking

I andre delar av bygget er det laga heilt nye utstillingar, med store tema som miljø og klima, eller tidsomgrep og -horisontar.

– Særleg i desse tider synest eg det er viktig å spørja korleis kloden vår har det, seier Årrestad.

Hovudspørsmålet muséet stiller publikum, er kanskje: Kva veit me og kva gjer me?

Andre salar har meir spesifikke tema som pollenanalyse eller krystallvekst. Her er både tankevekkjande, lærerike, interaktive og blendande vakre opplevingar. Og eit par overraskingar museet vil halda hemmeleg fram til opningsdagen.

Men kva er altså greia med denne einhjørningen i eit seriøst, vitskapleg museum, tenker du kanskje?

Miniatyrmodell av "krystallklatring" i ei grotte i Sør-Amerika

Miniatyrmodell av «krystallklatring» i ei grotte i Sør-Amerika

Verdas minste og største landpattedyr: Pygméspissmus og afrikansk elefant, Universitetsmuseet Bergen

Pygméspissmusa (2 gram) og afrikansk elefant er verdas minste og største landpattedyr

Norges eldste museum åpnar att etter seks år

Forsteina trestammar er blant objekta i ei bevegeleg utstilling om tidsoppleving og tidshorisontar

Sanningar og kvaltanna

I ei tid med falske nyhende, «alternative sanningar», engletru, konspirasjonsteoriar og både klima- og evolusjonsfornekting, har ei av dei 17 utstillingane i det nyopna museet fått tittelen «Verdensbilder».

– Me håpar folk skal sjå på ting her og tenka: «eh, hallo?», seier Årrestad.

Kva er sant for deg og for verda rundt deg?

Dette er eit rom der ein problematiserer både forsking og folketru, og inviterer publikum til å reflektere rundt kva forsking faktisk er og korleis den bidreg til å utvikle og endre vårt syn på verda.

– Mange gjenstandar endrar meining opp gjennom historia, på grunn av endra verdsbilete og ny forsking, seier Åshild Sunde Feyling Thorsen, koordinator for denne utstillingssalen.

Som døme viser ho fram ein «trollkatt», og ein forfalska alrune.

Museumsgjenstand

Ein tradisjonell afrikansk trefigur blir stilt ut saman med skulpturen av Jesus på korset som ligg under. Er det tankevekkande eller provoserande?

Forfalska alrune

I 150 år trudde muséet dei hadde ei særskilt vakker alrune, den mytiske, menneskeliknande planta. I fjor avdekka dei at den er ei falsk samanstilling av ulike planteartar.

Trollkatt

Utstillingskoordinagtor Åshild Thorsen viser fram ein «trollkatt». Ifølge folketrua var det heksa sin demoniske hjelpar, men kula blir danna i tarmen til kyr og andre drøvtyggarar.

Vitskaplege feil

Det er slett ikkje alltid vitskapen har dei rette svara. Opp gjennom hundreåra har vitskapsfolk fundert, trudd, tippa og bomma grovt svært mange gonger.

Lenge trudde både folk og forskarar til dømes at jorda var flat, eller at ei kule alltid fell raskare enn ei fjør, eller at kvarkar er dei minste delane i eit atom, eller at berre kvinner kjem i overgangsalderen. Ein del trur det framleis.

I 1638 argumenterte den danske vitskapsmannen Ole Worm for at einhjørningar ikkje finst, og at dei berre var utstoppa hestar med ei narkvaltann i panna.

Åshild Sunde Feyling Thorsen (t.h.) og Christina Holmefjord

BEVIS: – Mange historiske kjelder skildrar einhjørningen, og i Bergen vart knust einhjørningshorn brukt som medisin mot epilepsi, seier utstillingskoordinator Åshild Sunde Feyling Thorsen (t.h.).

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Så rart

Framleis blir små og store teoriar lansert og testa, før dei blir stadfesta eller forkasta.

– Så kva er det som er sant? Me må stadig tenka nytt og stilla nye spørsmål. Det er det som driv vitskapen framover, seier Thorsen.

I mellomtida har Holmefjord gitt einhjørningen ein flott mangefarga man. Ganske lik slik My Little Pony viser at dette dyret faktisk ser ut.

Dei to heng den opp på veggen, like ved den enorme støyt-tanna til ein narkval.

– Det er rart at kvaltanna er så lik einhjørningshornet, utbryt Holmefjord og smiler litt underfundig.