Hopp til innhold

Odd Nordstoga vert fast innslag i Norge Rundt

Norge Rundt har vore eit tradisjonsrikt TV-program med små endringar på snart 40 år. No står Odd Nordstoga bak noko som aldri har vore gjort i NRK-serien.

Odd Nordstoga

REISEBREV: Norge Rundt skal sende reisebrev som Odd Nordstoga har laga på turné.

Foto: Promo

I kveld skjer for første gong ei større endring på Norge Rundt. Framover vil Odd Nordstoga ha eit fast innslag i programmet.

I kvar episode framover, vil musikaren presentere eit reisebrev frå turneen Haimafrå. Der skal han vise fram distrikta i Noreg, og besøke dei små plassane han vanlegvis ikkje ville hatt plass til i turnéprogrammet.

  • Sjå det første reisebrevet lenger nede i saka!

Nordstoga tok kontakt med NRK

Lise-May Spissøy

GODT NØGD: Redaksjonsleiar Lise-May Spissøy i Norge Rundt trudde ikkje heilt det ho høyrte då ho fekk spørsmålet om å ta med Odd Nordstoga i Norge Rundt.

Odd Nordstoga live i studio 2

REISEBREV: Odd Nordstoga er for tida på turné der han spelar på små plassar i distriktet.

Foto: NRK

Det var Nordstoga sjølv som tok kontakt med Norge Rundt-redaksjonen, fortel redaksjonsleiar Lise-May Spissøy.

– Han reiser no rundt på små plassar i distriktet for å spele folkemusikk, og møter ei lang rekkje folk med spanande historier. Dette var historier Nordstoga ville fortelje vidare og han hadde tenkt at Norge Rundt var ein passande plass å gjere dette.

Spissøy trengde ikkje lang tid til å tenke seg om då ho fekk spørsmålet frå Nordstoga og staben.

– Eg svelgde eit par gongar og prøvde å skjule den enorme begeistringa, smilar ho.

– Men vi visste med ein gong at dette var noko vi ville. At han ville ha denne spalta hos oss er berre fantastisk. Om han berre ville fortelje halvparten så godt som han syng, visste vi at vi var godt i hamn, seier Norge Rundt-sjefen.

Historier frå Utkant-Noreg

Nordstoga er på turné saman med Ingebjørg Bratland, og dei har fått låne kamera frå NRK til å lage reisebreva til Norge Rundt. Og om redaksjonsleiinga på Minde i Bergen nokosinne var i tvil om kva dei ville få av materiale, tok det ikkje lang tid før dei var overbevist.

– Han er ein veldig god forteljarstemme, er ein komplett historieforteljar, og har handtert dette forbløffande godt, lovar Spissøy.

I tre Norge Rundt-sendingar før sommaren, og minst like mange i haust, får sjåarane levert reisebreva frå Odd Nordstoga. Her får ein møte personar og historier musikaren møter på turneen rundt om i Utkant-Noreg.

Her er det første reisebrevet frå nå i Hardanger (saka held fram under videoen):

Det første reisebrevet frå Odd Nordstoga i Norge Rundt.

SJÅ VIDEO: Første reisebrev frå Odd Nordstoga i Norge Rundt.

Største endring på mange år

Den første sendinga med reisebrev ser du på NRK1 klokka 19.40 i kveld, då kjem forteljinga frå Nå i Hardanger. Dei to komande breva kjem frå Jørpeland og Balestrand.

Norge Rundt har vore fast på sendeplanen til NRK heilt sidan 1976. Det er første gong dei gjer noko som dette. Lise-May Spissøy lovar dei over 500.000 faste sjåarane at programmet framleis er seg sjølv.

– Norge Rundt skal fornye seg, men litt og litt. Vi har ein kontrakt med mange sjåarar som vi må halda. Vi endrar oss vi også, men sakte, seier Spissøy.