Hopp til innhold

Her dansar nordlyset over Hordaland i natt

Medan dei fleste sov har det i natt skine nordlys over Hordaland. Janne Maj Nagelsen stod opp for å ta bilete: – Det var fantastisk.

nordlys

NORDLYS: Janne Maj Nagelsen frå Stamnes i Vaksdal fekk fotografert det spesielle lyset i Gammersvik klokka fire i natt.

Foto: Janne Maj Nagelsen

Natt til torsdag har ein kunne sjå nordlys over Hordaland.

Janne Maj Nagelsen frå Stamnes i Vaksdal fekk fotografert det spesielle lyset i Gammersvik klokka fire i natt.

– Eg gjekk ut då eg såg det byrja kring 23.20 i går, og stod ein times tid og såg på før eg gjekk inn og la meg.

Men det var ikkje lenge Nagelsen klarte å halde seg unna, før ho måtte ut igjen og studere lyset.

– I firetida stod eg opp att og køyrde innover Gammersvik der eg i firetida tok biletet over. Det var fantastisk, fortel ho.

LES OGSÅ: – Himmelen eksploderte i nordlys

– Magisk

Fyrste gong ho såg nordlys i Hordaland var i 2012. Stemninga dette set ein i er heilt spesiell, seier Nagelsen.

– Det er veldig spesielt. For oss i sør Norge som ikkje ser det så ofte, er det magisk.

– Det blir ein lang dag i dag sidan eg ikkje fekk så mykje søvn i natt, men det var verdt det, seier ho.

SAMLESIDE: Les meir om nordlyset