Hopp til innhold

Får 100 millionar til å forske på Grønland

Smeltar breane på Grønland, kan havnivået stige med sju meter. Det uroar forskarane ved Bjerknessenteret i Bergen, som no set i gong Nordens største forskingsprosjekt finansiert av EU.

Kerim Hestnes Nisancioglu

FÅR STØTTE: Bjerknessenteret i Bergen samarbeider med Niels Bohr-instituttet i København om eit femårig forskingsprosjekt som skal undersøke issmeltinga på Grønland og i Arktis. Her tek Kerim Hestnes Nisancioglu prøvar frå isen på Grønland.

Foto: Iselin Medhaug

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Bjerknes-senteret i Bergen har fått 100 millionar kroner frå EU for å forske på issmeltinga på Grønland og i Arktis. I løpet av fem år skal hav, is og atmosfæreforskarar gå saman for å finne ut kor raskt isen smeltar.

I 2012 smelta det heilt til toppen av Grønland, som er 3000 meter over havnivå. [..] Det er heilt unormalt.

Kerim Hestnes Nisancioglu, forskar Bjerknes-senteret

Forskingsprosjektet er det største i Norden noko gong, som er finansiert av EU. Motivasjonen er blant anna å studere konsekvensane av at isen smeltar.

– Globalt ser ein dei store endringane spesielt i Stillehavet og på dei små øyene der i vest. Der ser me ei reel og ganske formidabel havnivåauke på kort tid, seier forskar ved Bjerknes-senteret, Kerim Hestnes Nisancioglu.

Navn: Kerim hestnes Nisancioglu, Erik Wille og Otto fra Qeqertarsuaq (mannskap på R/V Porsild).

FELTARBEID: Erik Willie og Otto (mannskap på R/V Porsild (til venstre) og Karim Hestnes Nisancioglu til høgre.

Foto: Iselin Medhaug

Han seier havet globalt vil kunne stige med sju meter, dersom breane på Grønland smeltar.

– Det vil ikkje skje på kort sikt, men alt i dag ser me at isen smeltar på overflata av Grønland. Det er det som er interessant og som gjer det så akutt å forstå kva me kan forvente oss dei neste hundre åra. Vil det endre seg raskt eller er det ei sakte smelting me ser som ikkje vil akselerere?

LES OGSÅ: Grønlandsisen smelter i rekordfart

– Det som skjer på Grønland er viktig globalt

Jakt og fangst er ein viktig kultur- og næringsveg som døyr ut på Grønland i takt med smeltinga av isen.

Grønland, forskingstur Bjerknes-senteret

GRØNLAND: I løpet av fem år skal hav, is og atmosfæreforskarar frå Bjerknessenteret i Bergen og Niels Bohr-instituttet i København gå saman for å finne ut kor raskt isen smeltar på Grønland og i Arktis.

Foto: Karim Hestnes Nisancioglu

– Grønlendarane har problem fordi dei er avhengige av sjøis for å jakte. Sel og kval for eksempel. Når sjøisen trekker seg tilbake så har dei jo også meir fisk, men dei må foredle det, og det er ei stor utfordring, seier Nisancioglu.

Når isen smeltar på Grønland er konsekvensane dramatiske, ikkje berre for dei som lever på Grønland. Havet stig på den andre sida av kloden.

Bjerknessenteret presenterte sitt største forskingsprosjekt under Bergen internasjonale filmfestival (BIFF), med filmen Thule Thuvalu. Filmen handlar om korleis smeltinga av breane og sjøisen rundt Grønland endrar samfunnet der og på øya Thuvalu, vest i Stillehavet.

Der stig havet på grunn av det som skjer på Grønland. Dette tvingar stadig fleire innbyggjarar til å forlate Stillehavs-samfunnet.

– Ikkje berre lokalt, men globalt har til sjuande og sist havnivåstigning alt å seie for øysamfunn og kystnære byar kring om i verda. Så det som skjer på Grønland er viktig globalt, seier Nisancioglu.

LES OGSÅ: Klimaendringane er menneskeskapte

Sommaren 2012 gav illevarslande teikn

Isen smelter raskere enn tidligere på Grønland.

UNORMALT: – I 2012 smelta det heilt til toppen av Grønland, som er 3000 meter over havnivå, seoer Nisancioglu.

Foto: ANDY CLARK / Reuters

Forskaren ved Bjerknessenteret nemner sommaren 2012, som eit døme på korleis ein ser isen endrar seg på Grønland.

LES OGSÅ: Kjempe-isfjell løsnet fra Grønland

– I 2012 smelta det heilt til toppen av Grønland, som er 3000 meter over havnivå. Der det vanlegvis fleire titals minusgrader, også om sommaren, men det smelta i 2012. Issmelting på Grønland har skjedd før, men det er svært sjeldent og me ser at det aukar i omfang.

Kerim Hestnes Nisancioglu seier dei ikkje vil sjå dei store konklusjonane før om 3–4 år.

– Men allereie i løpet av eit år vil me kunne forstå mykje betre korleis sjøisen i Arktis endrar seg og kor mykje den har endra seg tidlegare. Det får me svar på forholdsvis raskt. Så me må også prøve å forstå korleis det påverkar Grønlandsisen. Det vil ta lengre tid.

LES OGSÅ: Får 50 millionar kroner for å forska på Grønlandsisen