Hopp til innhold

Nok eitt VM-sølv til Engeset

Kickboksar Monica Engeset var svolten på revansj og gull, men den italienske motstandaren vart for tøff i VM-finalen.

VM-sølv til Monica Engeset under VM i kickboksing

SØLV: Edelt metall til Monica Engeset (26) frå Bergen Kickboksingklubb under VM i Dublin.

Foto: Per Andreas Ringsby / Norge Kickboxing Forbund

26-åringen frå Bergen Kickboksingklubb var ute i nok ein finale i dag, under VM i kickboksing i Dublin. Engeset konkurrerte i klassen pointfighting -50 kg, og møtte italienske Giulia Cavallero i finalen.

Kickboksaren har vore gjennom to nasebrot, den siste for berre 20 dagar sidan. Motstandar Cavallero er også ein fighter heilt i verdsklassen. Kampen vart dermed for tøff for 26-åringen.

– Eg gjekk ein veldig bra første runde, som var heilt etter planen. Tidleg i den andre runden fekk eg ein smell i ansiktet som sette meg litt ut. Eg var ikkje heilt meg sjølv etter dette, og burde sjølvsagt tatt ein timeout, men gjorde ikkje det, sa Engeset etter kampen.

Monica Engeset i finalen under VM i kickboksing

Den italienske motstandaren Giulia Cavallero vart for sterk i VM-finalen.

Foto: Per Andreas Ringby / Norges Kickboxing Forbund

– Skuffa

Dermed enda det med nok eit sølv for Engeset. Ho har sølv frå VM, EM og Irish Open frå før.

Italienske Cavallero stod også att som vinnar då dei møttest i VM-finalen for to år sidan. No varslar Engeset revansj.

– Eg er utruleg skuffa over å ikkje stå på toppen av podiet i år, men eg er samstundes utruleg stolt over å stå i ein mesterskapsfinale for tredje år på rad! Neste år er eg tilbake og då blir det gull, avsluttar kickboksaren.

Fleire norske medaljar

Det har blitt edelt metall på fleire nordmenn under VM-stemnet i Dublin. Thea Therese Vingmark Næss stakk av med sitt tredje gull i dag.

Birig Øksnes sikra seg bronse i 70 kilo fullkontakt, det same gjorde Milton B. Gallareta.