Hopp til innhold

Nok eit tap for Nest-Sotra

Tapte 2–1 heime for Bærum SK. No har Nest-Sotra berre tatt eitt poeng på dei fem siste.

Ørjan Hopen

SKUFFA: Ørjan Hopen meiner Nest-Sotra var for dårleg defensivt mot Bærum SK. Dei grønkledde tapte kampen 2-1.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Astrid M. Nordhaug/Digitalsport.no

Etter ein eventyrleg start på sesongen i første divisjon, har det byrja å butta i mot for dei grønkledde frå Sotra. I dag tok dei imot Bærum i den 18. serierunden, men sjansesløseri og dårleg forsvarsspel gjorde at bortelaget tok med seg alle poenga.

– Me spelar svært bra første 25 minuttane, oppsummerar Ørjan Hopen, som er på lån frå Sogndal.

Og det byrja bra for Nest-Sotra. Etter berre fem minutt slo leigesoldat Hopen eit hjørnespark som kaptein Ruben Hetlevik flikka vidare i mål.

– J**** billige mål

Etter ein halvtime slepp Nest-Sotra bortelaget inn i kampen. Monir Benmoussa sette inn utlikninga.

– Vi begynte å tape duellar og sprakk opp i organiseringa. Etter det verkar det som me vert usikre. Men me rettar på det i pausen, seier trenar Alexander Straus.

Ut på bana igjen gjekk det seg likevel ikkje til for heimelaget, trass fleire gode sjansar til å ta leiinga. I staden kontra Bærum og Amahl Pellegrino inn 2–1 målet, og dei grønkledde sitt tredje strake tap var eit faktum.

– Det er juniorfeil som pregar oss og me slepp inn j**** billege mål. Det er fullstendig Texas i både forsvaret og midtbana, spesielt på 1–1 målet. Me har ein del å retta på, seier Hopen skuffa.

Må vinne neste to

Med berre eitt poeng på dei fem siste kampane ligg Nest-Sotra på tiande plass i 1. divisjon med 23 poeng. Dei neste to kampane er mot Alta og botnlaget HamKam.

– Det er berre å sette seg på bommen og bykse ut igjen. Me har ingenting å tape og må gå for to sigrar i dei neste kampane, seier Hopen.

– Det er seks poeng som gjeld, ikkje noko anna. Men då må me bli meir nøyaktige, avsluttar trenar Straus.