Hopp til innhold

Kristiansen har signert for Brann

Venstreback Ruben Kristiansen (27) går frå medaljekamp i eliteserien til opprykksdrama i 1. divisjon. – Eg vil vera med å bidra til opprykk.

Ruben Kristiansen presentert som ny Brann-spelar

NYTT GLIS: Her er Branns nye venstreback. Ruben Kristiansen (27) signerte i dag ein kontrakt som gjer han til Brann-spelar ut 2018-sesongen.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Det var måndag føremiddag at Vålerenga-backen sette kursen mot Bergen og Brann for å forhandla om dei personlege betingelsane. I ettermiddag vart han presentert som ny Brann-spelar på Stadion av sportssjef Rune Soltvedt.

– Me har hatt eit ønske om å forsterka oss. Me har vore tynt besatt på både back og kant. No har vi fått inn eit par nye i Viljar Vevatne og Ruben Kristiansen. Ruben er ein tippeliga-back som er ein klar forsterking for oss. Det er ein spennande og god signering, seier Soltvedt til NRK.

Ruben Kristiansen blir Brann sitt tredje kjøp denne sommaren. 27-åringen har signert ein kontrakt som gjer han til Brann-spelar ut 2018-sesongen. Overgangssummen er truleg på kring to millionar kroner, ifølge VG.

Ein har ikkje spelt fotball før ein har spelt på Stadion

Ruben Kristiansen, ny venstreback i Brann

Frå medaljestrid til opprykksthriller

Det har vore kjent ei stund at bergensarane har sett seg om etter meir bredde på backplass, for å vera betre rusta til kampen om opprykk til eliteserien denne hausten.

For Kristiansen blir det no ei omstilling frå kamp i toppsjiktet av eliteserien til opprykkskamp i 1. divisjon. Vålerenga ligg akkurat no på tredjeplass i eliteserien, ni poeng bak serieleiar Rosenborg.

– Dette tilbodet var freistande. Ein har ikkje spelt fotball før ein har spelt på Brann Stadion. Det er mykje potensial i både byen og i Brann, så dette har eg veldig lyst til, seier Kristiansen til NRK.

Vil vere med å bidra

Etter fleire gode resultat etter trenarskiftet er Branns klare målsetting for haustsesongen å rykka opp igjen til eliteserien. Kristiansen er samd.

– No skal vi opp i eliteserien. Det har eg lyst til å bidra med og det er min ambisjon med å koma her.

Det har gått berre ei knapp veke sidan Brann henta ein anna back til klubben. Den 20 år gamle backen Viljar Vevatne vart klar for spel førre veke. Kristiansen meiner det er bra med bredde i troppen.

– Det er slik det skal vera i store klubbar. Eg kjem til å tilføra tryggleik med ball og eg er også ganske offensiv på bana. Det håpar eg få vist fram og eg er klar for spel allereie onsdag.

Sportsjef Rune Soltvedt i Brann under presentasjonen av venstreback Ruben Kristiansen

FORSTERKAR: Sportssjef Rune Soltvedt har presentert tre nye Brann-spelarar denne sommaren.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

På veg ut

Samstundes som ein ny spelar har kome inn dørene på Stadion i dag, kan ein vera på veg ut. Bergens Tidende skriv i ettermiddag at Strømsgodset har lagt inn bud på Marcus Pedersen.

Med eit lurt smil ville ikkje Soltvedt bekrefta desse opplysningane ovanfor NRK i ettermiddag.

– Eg har ikkje sett Bergens Tidende i dag. Det får stå for deira rekning, så får vi jobbe i det stille med spelarlogistikken.

– Kjem det fleire kjøp i dette vindauge?

– Moglegheitene er der for at nokon kjem inn og nokon går ut. Det er ein balansegang i forhold til økonomien, avsluttar Soltvedt.

Ruben Kristiansen fortel kvifor han kom til Brann.