Hopp til innhold

Nok ein skjebnekamp for Brann i kveld

Med fem kampar att å spele i årets eliteserie, ligg Brann no på nest sisteplass i tabellen. Kveldens kamp mot Start kan bli skjebnesvanger.

 1-1 til Brann

SIST MØTE ENDA UAVGJORT: Sist gong Start og Brann møttest til kamp, var i Kristiansand 4. mai. Her feirar ein letta Amin Askar Markus Bergers sjølvmål, som berga Brann får eit tap.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Søndag kveld klokka 20 tek Brann i mot Start på stadion i Bergen. Start ligg på 10. plass med 31 poeng, åtte poeng framfor Brann, som ligg på nest sisteplass på tabellen når det no er fem kampar igjen å spele. Kampen er viktig for Brann som no slit for å behalde plassen i Tippeligaen.

Sist laga møtte kvarandre var i Kristiansand 4. mai. Då enda kampen 1–1 etter scoringar frå Espen Hoff og eit sjølvmål frå Markus Berger.

Mons Ivar Mjelde

– SPESIELT: Brann har vore klubben min store deler av livet. Men sånn er livet i fotballbransjen, seier Mjelde.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

For Start-trenar Mons Ivar Mjelde blir det ein spesiell kamp. Det var han som leda Brann til både cup- og seriegull i løpet av si tid som Brann-trenar.

LES SAKA: – Alltid spesielt på Brann stadion

– Det følast litt spesielt. Men no må me vere profesjonelle og berre glede oss til å komme tilbake til Brann Stadion, og nyte augeblikket.

Brann har vore klubben min store deler av livet. Men sånn er livet i fotballbransjen, seier Mjelde.

Ein gnistrande Norling spent før kveldens kamp

Richard Norling

SPENT: Brann-trenar Richard Norling er spent før kveldens kamp. Brann ligg nest sist på tabellen. Skal dei halde seg unna nedrykk, hastar det med å sanke poeng.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Også tidlegare Brann-spelar Seyi Olofinjana får eit gjensyn med Brann, medan keeper Håkon Opdal må stå over på grunn av skade. Det må også Jesper Mathisen. Ernest Asante er tilbake frå karantene for Start, medan Rolf Daniel Vikstøl må stå over på grunn av tre gule kort, ifølgje Brann.no.

Brannspelarane er tente før dagens morgondagens kamp mot Start, forsikra Rikard Norling etter den siste treninga før kampstart. Likevel er han sjølv spent før nok ein skjebnekamp for å halde seg innanfor eliteserien.

Starts Espen Hoff under eliteseriekampen i fotball mellom Start-Brann på Sparebanken Sør Arena

1-0: Sist gong Brann møtte start, enda kampen 1–1. Espen Hoff sette ballen i mål frå over 20 meter.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Det er bra intensitet, stor arbeidsinnsats og høgt nærvær i spelet blant spelarane, seier Norling.

Norling må også arbeide for å skape begeistring og håp i laget.

– Eg er vel den som skal vere gnisten spelarane treng for å brenne.

Kveldens troppar

Starts tropp i kveld: Terje Reinertsen, Pål Heigre, Glenn Andersen, Espen Hoff, Ernest Asante, Zlatko Tripic, Solomon James Owello, Fernando Paniagua, Bismark Acosta, Gummi Kristjansson, Kristoffer Ajer, Seyi Olofinjana, Robert Sandnes, Alexander Lind, Lars-Jørgen Salvesen, Amin Nouri, Espen Børufsen, Matthías Vilhjálmsson.

For Brann er Vadim Demidov og Markus Jonsson uaktuelle mot Start.