NRK Meny
Normal

No vil fleire krevje setebelte i alle bussar

EU-reglar lar «bybussar» køyre i høg fart i norske byar utan belte. – Tryggleiken til barna på bussen er viktigare.

Busseter uten belte

INGEN BELTE: Fleire av dei mest travle busslinjene i Bergen har ikkje belte i bussane.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Vi ville ikkje akseptert om barna våre sat laust i bilen. Vi må kunne forvente same tryggleik i bussane som vi har i bilane våre, seier Tor André Ljosland i Hordaland KrF.

Måndag fortalde NRK om Lene Cathrine Fjellsbø som nekta å la dottera (4) reise på busstur med barnehagen.

Dette fordi det ikkje er setebelte i «bybussen» som skulle frakte barnehagebarna til Åsane via motorvegen på E39 i Bergen.

Årsak: Internasjonale EU-reglar har ingen krav om det. I Bergen gjeld dette dei aller mest brukte linjene gjennom byen.

– Det er ikkje riktig å bruke desse bussane i så høg fart, utan setebelte, meiner Fjellsbø.

– Tryggleiken til barna viktigast

Dagens reglar gjer at bussar som er klassifisert som «bybussar» er unnateke regelen for påbod om bruk av setebelte. Årsaka er omsynet til effektiv trafikkavvikling.

Tor André Ljosland sit i fylkestinget for KrF og ynskjer å gjere noko med det.

Han vil få fylkestinget i Hordaland med på eit absolutt krav om belte i alle bussar i neste anbodsrunde. Gjeldande kontrakt for kontraktane i sentrum og Bergen nord går ut i 2020, medan Bergen sør og Vest går ut i 2019.

– Tryggleiken til barna er det viktigaste. Mange foreldre har ein situasjon i dag der dei sender barna med buss til skule og barnehage, og dei må vi tenkje på, seier Ljosland.

Lene Cathrine Fjellsbø

NEKTA BUSSREISE: Lene Cathrine Fjellsbø reagerte då barnehagen til dottera (4) ville reise med ein bybuss utan setebelte.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Han får støtte av Natalie Golis, MDG sin representant i fylkesutvalet for samferdsel i Hordaland.

– No har vi ein gyllen sjanse til setje krav til både tryggleik, klima og miljø, seier ho.

Fylket kan bestemme sjølv

Vegdirektoratet opplyser at det er EU-direktiv som ligg til grunn for bussklassifiseringa i Noreg, med skilnader mellom bybussar (klasse I, utan setebelte) og forstadsbussar (klasse II, med setebelte).

Seksjonsleiar Ida Bergene Kongsrud i Vegdirektoratet peikar på at fylkeskommunen sjølv kan stille krava i anbodsrundane.

– Dei som bestiller bussane dimensjonerer tilbodet sitt slik at trafikktryggleiken blir tatt vare på. Som bestiller av busstenester kan fylkeskommunen stille krav i sine avtalar med busselskapa, til dømes at ei bestemt rute skal betenast av ein klasse II-buss.

Trur på fleirtal

Tor Andrè Ljosland KrF Hordaland

FYLKESTINGET: Tor André Ljosland representerer KrF på fylkestinget i Hordaland.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Og det er altså nettopp det KrF ynskjer seg.

– Vi må rekne på kostnadane og sjå om vi klarar å skaffe bussane på kort tid, seier Tor André Ljosland.

– Trur du på eit fleirtal i fylkestinget?

– Når vi får vite kva det vil koste å auke tryggleiken, så trur eg fylkestinget ikkje torer å la vera, svarar Ljosland.

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.