No vil dei vise at sosiale medium ikkje berre er kroppspress og mobbing

BERGEN (NRK): Dei får berre sett «perfekte» kroppar på internett. Men kan sosiale medium også vere bra for ungdom si psykiske helse?

Elise Løseth Øvrebø og Sigrid Lundervold Nesheim

POSITIVE: Elise Løseth Øvrebø og Sigrid Lundervold Nesheim (t.v.) fortel at særleg kroppspresset i sosiale medium påverkar dei. – Men det er bra at det no skal forskast på korleis ein kan bruke sosiale medium til noko bra, seier Sigrid.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Sosiale medium kan gjere oss meir usikre, men det kan også støtte opp under styrkane våre. Ein kan finne folk som inspirerer deg, men ein kan også følgje folk som gjer deg skikkeleg vondt, seier Amalie Dalhaug Halleland (17).

Saman med Elise Løseth Øvrebø (18) og Sigrid Lundervold Nesheim (18) skal ho gje innspel til eit forskingsprosjekt om vidaregåandeungdom og sosiale medium.

Veit for lite

I aldersgruppa 16–24 år bruker ni av ti sosiale medium dagleg eller nesten dagleg, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.

No vil Bergen kommune, saman med Hordaland fylkeskommune, Folkehelseinstituttet og Høgskulen på Vestlandet, finne ut meir om korleis det påverkar dei.

– Vi veit eigentleg ganske lite om korleis sosiale medium påverkar helsa deira, seier no avgått helse- og sosialbyråd Rebekka Ljosland (KrF).

Kommunen har fått støtte til eit treårig prosjekt om korleis sosiale medium kan vere helsefremmande, som blant anna skal munne ut i tiltak som kan nyttast i skulen.

Rebekka Ljosland saman med ungdommar frå Ungdommens bystyre

FÅR RÅD: – Vi veit for lite om korleis sosiale medium påverkar unge, seier Rebekka Ljosland (i midten). Ho var helse- og sosialbyråd då intervjuet til denne saka vart gjort. Torsdag varsla ho at ho går av.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Får berre sett «perfekte» kroppar

Ungdata-undersøkinga frå 2018 viser auke i psykiske plager og einsemd blant ungdom. Nær 30 prosent av jentene og nær 11 prosent av gutane melder om psykiske helseproblem.

Forsking har òg vist at det er ein viss samanheng mellom bruk av sosiale medium og depressive plager (ekstern lenke).

Elise Løseth Øvrebø og venninnene fortel at kroppspresset er noko av det som påverkar dei mest.

– Sosiale medium gjer noko med oppfatninga vår av korleis kroppar skal sjå ut, seier ho.

Venninnene fortel at det nesten ikkje var nokon på ungdomsskulen som dusja etter gymmen, fordi dei ikkje var nøgde nok med eigen kropp til å vise den fram.

– Og då får ein jo ikkje sett vanlege kroppar, berre «perfekte» kroppar på internett.

Seniorforskar ved Folkehelseinstituttet Jens Christoffer Skogen

HELSE: Jens Christoffer Skogen er seniorforskar ved Folkehelseinstituttet og skal følgje prosjektet tett. – Sosiale medium har potensial til vere bra for ungdoms psykiske helse, seier han.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Forsking på helseeffekten

Prosjektet er ein del av det nasjonale programmet for folkehelsearbeid i kommunane, og Folkehelseinstituttet skal forske på det ungdommane og Bergen kommune kjem fram til.

Gjennom spørjeundersøkingar skal ein finne ut korleis bruk av sosiale medium påverkar ungdommen si psykiske helse, både positivt og negativt.

– Det er ikkje kartlagd i detalj på denne måten i Noreg før, seier seniorrådgjevar Jens Christoffer Skogen ved Folkehelseinstituttet.

Han trur prosjektet vil gje meir kunnskap om korleis ein kan bruke sosiale medium til å både betre helsa til unge og til å førebyggje psykiske helseplager.

– Noko av det unike her er at vi meir spesifikt skal sjå på korleis ungdommen sjølv forstår sin eigen bruk av sosiale medium og korleis det heng saman med deira eigen psykiske helse – men også heile livet deira, seier Skogen.