Hopp til innhold

No vil Brækhus erobre USA

KOENGEN, BERGEN (NRK): Cecilia Brækhus (35) vil til Las Vegas og ramsar opp tre draumemotstandarar. Men først; ferie.

Brækhus mot Farias - Battle of Bergen

USLÅELEG: Cecilia Brækhus triumferte på heimebane fredag kveld.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Stemninga var elektrisk i heimbyen Bergen seint fredag kveld. Cecilia Brækhus stod i mot fleire tøffe slag frå den argentinske motstandaren Erica Farias, og står no med 31 sigrar på 31 kampar.

– Eg er sliten og lukkeleg. Heimepublikummet var fantastisk. Det er vanskeleg å skildre det, seier Brækhus til NRK etter kampen som samla 7.500 personar på Koengen i Bergen.

Brækhus mot Farias - Battle of Bergen

TRØKK: "The First Lady" måtte tole fleire trøkkar frå den argentinske boksaren Erica Farias. Her frå pressekonferansen etter kampen.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Vil til USA før ho legg opp

Mange lurer no på kva som blir det neste for verdseinaren. Sjølv seier Brækhus at ho må til USA igjen før karrieren er over.

Der har ho berre boksa ein gong, mot Nicole Woods tilbake i 2008.

– Det hadde vore veldig kjekt å avslutta karrieren der. Eg har lyst til å bokse ein eller to kampar til her i Norge, men ein storkamp i USA hadde vore veldig morosamt, seier Brækhus.

Ho bekreftar at det i kulissane blir jobba med å få til ein kamp på amerikansk jord, truleg neste år. NRK spør kven ho helst vil møta i USA, og Brækhus ramsar opp tre namn:

Cristiane Santos, også kjend som «Cyborg», Claressa Shields og Layla McCarter.

– McCarter er jo i Las Vegas under promotoren Mayweather, så det hadde vore skikkeleg gøy, gliser Brækhus til NRK.

Brækhus har utfordra Cris Cyborg før, etter triumfen mot Anne Sophie Mathis i Oslo Spektrum i fjor haust.

Cris Cyborg

MMA-"MONSTER": Cristiane Santos, eller Chris Cyborg, er ei frykta knockout-maskin. Her er det Gina Carano som får juling.

Foto: Jeff Chiu / AP

Lang ferie

I intervjuet med NRK legg ikkje Brækhus skjul på at ho er sliten etter ti rundar mot Farias i ringen på Koengen.

– Vi visste at ho ville komme som ein rasande okse i alle rundane, men eg føler eg kontrollerte kampen bra og alt gjekk som planlagt.

– Det var ein emosjonell og god kamp. Eg har lenge hatt stor respekt for Brækhus, men var ikkje redd under kampen, seier motstandaren Erica Farias.

Før det blir oppkøyring til nye boksekampar, anten i Noreg eller USA, er det ferie som står på agendaen for Brækhus.

– Vi har hatt ein veldig tøff oppkøyring opp mot denne kampen. Eg skal ha ein lang ferie no. Det har gått i eitt, men eg ser for meg at eg skal i ringen igjen i 2017.