NRK Meny
Normal

No vert flyktningane flydd sørover

Kapasiteten i Finnmark er sprengd. UDI har no leigd tre brakker ved oljebasen CCB på Sotra. Allereie sundag vil 178 flyktningar bli flydd sørover.

Flyktninger på Storskog

SPRENGD KAPASITET: Flytktningar frå Finnmark vert no transportert til Vestlandet.

Foto: NRK

Det har vore stor mangel på bustadar for flyktningar som kjem til Noreg dei siste månadene. Brakkene på Ågotnes blir det første akuttmottaket på Vestlandet.

– På grunn av totalt sprengt kapasitet i Kirkenes blir det i morgon flydd 178 flyktningar sørover til Vestlandet, stadfestar regiondirektør i UDI, Atle Berge overfor NRK.

CCB Ågotnes brakker

NYTT AKUTTMOTTAK: I dei tomme brakkene på CCB-basen på Ågotnes skal flyktningane bu mellombels.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Kritisk situasjon i Kirkenes

– Situasjonen i Kirkenes er veldig kritisk, fortel CCB sin daglege leiar for Ågotnes næringspark, Christian Carter.

Det er tre brakkeriggar som skal leigast ut til UDI. Når resten av dei 252 plassane vil bli fylt opp er førebels usikkert. Lopex AS skal drifte mottaket.

– Det var viktig at vi fann ei løysing i går. Eg fekk ein telefon i går klokka to, der UDI spurte om vi var klare for å ta i mot allereie i helga, fortel Carter.

Regiondirektør i UDI, Atle Berge

RASK HANDLING: I går fekk regionsjef i UDI, Atle Berge, beskjed om at 178 flyktningar ville kome til Vestlandet i løpet av helga.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Måtte busetje 178 flyktningar innan helga var omme

Då regionsjef i UDI, Atle Berge, gjekk på jobb i går ante heller ikkje han at dei i løpet av dagen måtte finne tak over hovudet til 178 flyktningar.

– Vi fekk beskjed om det rundt lunsjtider, fortel Berge.

To fly fulle av flyktningar må fraktast ut av Kirknes fordi det ikkje er mogeleg å finne overnattingsplassar til dei. UDI på Vestlandet fekk beskjed om at eit av flya ville kome hit.

– I løpet av berre nokre timar fekk vi samla kommunen, kommunelegen, CBB-basen og driftsselskapet. Det var ei heilt utruleg vilje til å stille opp. Det er fantastisk, fortel Berge.

Brakkene vil stå klare i morgon tidleg, og flyet vil landet på Flesland seint i morgon kveld.

Langt fleire vil kome til Vestlandet

I fjor kom det 20 flyktningar over grensa ved Storskog i Finnmark. I år reknar ein med at talet vil auke til heile 5000 flyktningar.

– Det seier seg sjølv at behovet for mottaksplassar er enormt. Dei største gruppene i Kirkenes er flyktningar frå Syria, Irak, Afghanistan og Eritrea. I det siste også ein del får Iran, fortel Berge.

Han trur dei fleste at flyktningane som kjem til Ågotnes i morgon vil få opphald i Noreg.

– Eg tenker for Vestlandet sin del at no er vi inne i ein ny epoke, der Vestlandet i større grad må ta i mot på kort varsel slik som ein har gjort i Nord-Noreg og på Austlandet, seier Berge.

Fyller opp tomme brakker

Flyktningane som kjem søndag vil kome med eit chartra fly, før dei blir innlosjerte i bustadane som tidlegare husa oljearbeidarar.

– Det er nedgangen i oljebransjen som gjer at vi har valt denne løysinga. Alternativet ville vore å legge ned brakkehotellet, noko som ville vore ein bakdel når marknaden tar seg opp att, seier Carter.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.