Hopp til innhold

No vert det omsider same pris for buss, bane og tog – men berre for dei med periodekort

I ti år har innbyggarane i Arna kjempa for same pris som andre som reiser kollektivt. No er ventetida over, men berre for dei med periodekort.

Arna stasjon

VENTA LENGE: Togpendlarane frå Arna stasjon har lenge håpa på ei løysing for einingstaksten. I fleire år har dei betalt fleire hundre kroner meir i månaden enn dei som tar buss og bybane i Bergen.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Onsdag klokka 17 kalla Samferdsledepartementet inn til pressetreff om billettløysinga for kollektivtransporten i Bergen.

Der blei det klart at det i løpet av april blir innført busstakst for periodekort med tog mellom Bergen og Arna.

– For å få det til, har vi saman med samarbeidspartia på Stortinget redusert prisen på månadskorta med NSB med 20 prosent. Så staten betaler òg ein del av rekninga, seier Statssekretær Tom-Christer Nilsen (H) i Samferdselsdepartementet, til NRK.

Det var Bygdanytt som først skreiv at einingstaksten var like rundt hjørnet.

– Ein stor forbetring

– Det blir vesentleg billigare. Eg håper brukarane opplever det som ei stor betring, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø.

For dei som tar bane eller buss i tillegg til tog og har periodekort, gjer einingstaksten at dei sparar 255 kroner i månaden. Reisande vil no berre trenge ein app for periodekort.

– Reint teknisk kjøper du eit periodekort i appen til Skyss, også blir det godtatt som billett av NSB og, seier Kårbø.

I første omgang skal busstaksten berre gjelde for dei som kjøper periodekort på mobiltelefon. Alle andre reisande må framleis betale pris som før.

– Vi jobbar med løysingar for å få til busstakst for alle reisande med tog. Men det er ein del teknologi som må samkøyrast. Det ligg òg litt økonomi i dette, men det blir jobba med løysingar, seier Kårbø.

Har teke lang tid

Heilt sidan einingstaksten på buss vart innført i Bergen i 2007, har innbyggjarane i Arna kjempa for å gjere den gjeldande òg på toget.

I 2015 vedtok fleirtalspartia på fylkestinget, Ap, SV, Sp og KrF å innføre einingstaksten på lokaltog frå Bergen til Arna og Trengereid.

Ordninga, som vil spare den gjennomsnittlege togpendlar 3.000 kroner i året, skulle vore innført i 1. februar 2016. Då hadde Hordaland fylkeskommune sett av pengar til å dekke NSB sine tapte inntekter på ordninga.

Men så stoppa arbeidet opp, og heile fjoråret gjekk utan at NSB og fylkeskommunen ved Skyss klarte å bli einige. Ei av årsakene var at det, ifølge NSB, tok tid å finne ei ordning som gjer at billettsystema til Skyss og NSB fungerer saman.

Førstekandidat for KrF i Hordaland Pål Kårbø

GLAD: Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø er svært nøgd med å endeleg kunne presentere ei løysing for einingstaksten.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det har vore ein del tekniske utfordringar som har blitt jobba med, og det er òg ein del økonomi inne i bildet som ein måtte finne ei løysing på, seier Kårbø.